Takk for oss!

Etter fem år med eksperimentering og moro, avsluttast no kapittelet Klangkollektivet. I 2012 gjekk ein gjeng entusiastiske og idealistiske musikkelskarar saman for å løfte Bergens undergrunn til overflaten – ikkje berre byens overflate, men til resten av landet og eit internasjonalt publikum.

Som bookingbyrå, plateselskap og studio har Klangkollektivet vore ei eksperimentell leikegrind som har betalt seg i opplevingar og erfaring me aldri ville ha fått annan stads frå. Og aldri ville ha vore forutan.
Me har vore på på Eurosonic og Roskilde med Electric Eye, på by:Larm og Spot med Línt, SXSW med Alexander von Mehren, på Urørt-finalen med Ekkolodd, Trondheim Calling med Lumikide, Vill Vill Vest med Elida og i Kina med Monstereo. For å nemne noko.

Me har oppnådd dei mål og ambisjonar me sette oss for fem år sidan, når både me og artistane har testa ut forretningsmodellar og strategiar for å presentere snevrare musikalske uttrykk til eit større publikum. Artistane skal fly vidare, og det same skal kreftene bak. ’Klangarane’ som dei har kalla seg, vil fortsetja med kulturrelatert arbeid eller studiar, dagleg leiar og initiativtakar Solgunn Slåtto med ein master ved Copenhagen Business School.

Rørsla Klangkollektivet er unik, men ikkje modellen. Skogen av ulike musikkselskap som har dukka opp etter me starta står i full blomst, og vitnar om eit sterkt undergrunns-Bergen. Me starta fordi det mangla ein inkubator for mellomsjiktet av artistar i Bergen. Ser me på byens mylder av små selskap i dag, er me absolutt ikkje bekymra for verken undergrunnsmiljøet eller mellomsjiktet.

Bergen er unik når det kjem til fellesskap og deling i bransjen. Klangkollektivet ynskjer å dele det me kan med krefter som kjem etter oss. Selskapet overrekk difor malar og verkty, som platekontrakten, til Brak, med tanke om å hjelpe nye som startar opp liknande initiativ. Også eit pluss at den er på nynorsk – mykje lettare å forstå enn jusspråket! Vil gjerne rette ein stor takk til Bergen Kommune, som saman med Brak vore viktige støttespelarar sidan starten, aksjonærane som sto for kronerulling i starten, og til styret med Frøydis Moberg i spissen.

Me feirar 5 års suksess for norsk og bergensk musikk med ein siste klangkveld på Østre 18. mars , der det har blitt halde årlege klangkveldar sidan lanseringa 9. november 2012. På scena står Línt, Monstereo og Ekkolodd, som har vore med frå starten. I tillegg presenterer me, tradisjonen tru, eit nytt namn frå våre naboar i sør: danske The Entrepreneurs. Først av alt snakkast me på byLarm! Kom innom og sjå Elida på Agenturet-showcase på Dattera torsdag 2. mars kl 18:20!

Me takkar og bukkar for all merksemd, samarbeid og støtte opp gjennom – og sjåast i nye samanhengar, på nye konsertar, og gjennom nye prosjekt. Takk for oss!