Lumikide «Tornado»: ny singel frå den lovande popkvartetten

Ei veka før dei entrar scena på Bergens nye showcase-festival, Vill Vill Vest, slepper Lumikide singelen «Tornado» – «et slags fuck you til en teit gutt som ikke skjønner at du ikke vil ha ham». 

Frå det sarte og skjøre til det impulsive og nesten aggressive, med Kate Bush-vibber og fortryllande synthmelodiar, fangar Lumikide oss igjen med ny låt. Den andre singelen frå kvartettens komande debutalbum gir oss nok ein grunn til å sjå fram til fullengdaren, med utgivingsdato lagt til februar 2017.

«Vi ville rendyrke groove-elemetet i låta, med få og gjentakende elementer som sammen bygger opp en skummel uværssky av en groove, og lande i et eksplosjon av et refreng som griper fatt i deg og forhåpentligvis knuser alle forsvarsverk; I am a tornado / Uprooting your ego»
– Martin Miguel Almagro Tonne, låtskrivar og gitarist

Bergens nye stoltheit Vill Vill Vest går av stabelen 15. og 16. september, og presenterer 48 artistar på 9 av byens beste scenar. Lumikide spelar fredagen, kl 22:30 på Hulen. I tillegg til konsertprogrammet, står interesseorganisasjonen Brak for eit imponerande seminarprogram på dagtid. Me gler oss til å ta i mot norske og internasjonale delegatar i Noregs musikkhovudstad – og ikkje minst eit stort heimepublikum rundt på dei beste spelestadene i byen!

«Tornado» på Tidal / Spotify
Musikkvideo «Golden» frå i sommar
Lumikide på Facebook

Lumikide på Vill Vill Vest Facebook-event

 

Lumikide «Golden»: singel ute 1.juni

Lumikide smyg seg inn i sommarsfæren med første singel frå debutalbumet. Den lovande popkvartetten serverer ein gyllen frisk sommarlåt 1. juni. Singelsleppet markerast med konsert på Landmark i Bergen.

Tilbakelent sommarlykke i støysfæren
Med sfærisk stemme, melodiøse synthlinjer og varm gitarstøy, har Lumikide spelt seg inn i mange norske musikkhjarte dei siste par åra. Intrikate rytmar og støyete gitar kombinert med melodiøse popmelodiar viser ein lovande kvartett i modning, når dei no presenterer første singel frå eit debutalbum det knyt seg stor spenning til.
Lumikide er innom mange inspirasjonskjelder og referansar i sin alternative popmusikk, blant dei kan nevnast Deerhoof, D’Angelo, Tame Impala og Cocteau Twins. Bandet har sidan tittelen Ukas Urørt i 2013 hausta godord frå fleire hald, frå Jørgen Hegstad (P3) som skildrar vokalist Birgitta som “en av de råeste vokalistene i segmentet”, til Jaga Jazzist sin eigen Martin Horntveth om Axel Skalstad: “Norges aller beste trommis om 4-5 år, om han allerede ikke er det”.

Singelsleppet markerast med konsert arrangert av Granbar på Landmark i Bergen, der to andre lovande bergensnamn også er med og feirar singelen; Marinius og Niilas.

Facebook-event