Lumikide med ny singel: Den vanskelege kjærleiken

Skjørt men sjølvsikkert om ung kjærleik: «Explorers and Destroyers» handlar om når du får vite så mykje at det øydelegg alt.

Lumikide på tur turné Klangkollektivet coverart: Benedikte Olsen

Singelen er spelt inn i Greener Productions Studio av Karl Klaseide i Trondheim, miksa av Matias Tellez i Skogen Studio og mastra av Jørgen Træen på Bergen Kjøtt.
«Det neste store fra Bergen»
– Bergensmagasinet

Høyr singelen på Spotify // Tidal // Soundcloud

Ut på tur
I mars har dei med seg eit nytt medlem, bassist Jonas Krøvel frå Urørtfinale-aktuelle Pom Poko, og tar ut på turné. Fang dei ein stad nær deg!
Oslo // Kampen Bistro // 23.mars
Bergen // Hulen // 24.mars
Tromsø // Hålogaland Teater // 30.mars
Trondheim // Lobbyen // 31.mars

Klangkveld #5 på Victoria

Det er klart for årets Klangkveld! Som vanleg likar me å dele bursdagsfeiringa med andre, og i år feirar me med vårt ferskaste medlem, Elida Høgalmen, som gir ut sin aller første singel! «The End» er starten på vårt forhold, og blir å oppleva i byens trivlegaste stove denne kvelden. Det blir fleire andre ting, følg med for oppdateringar!

klangkveld_klangkollektivet_johanne-karlsrud_jahjah

Elida Høgalmen si søkjande, insisterande og undrande stemme drar oss inn i hennar forunderlege og melankolske sinn av kjensler. Med eit utforskande band i ryggen skapast spanande komposisjonar og grasiøse melodilinjer som løftar hennar særeigne vokaluttrykk, og gir oss fengslande oppturar med gåsehud. Elida har fanga oss.

Nesten Kult er Anna-Victoria, Xin og Haley, som kvar veke tar deg gjennom eit bestemt tema innan musikken; alt frå fest til breakups. Dei inviterer gjester med kul musikksmak,  opnar sinnet ditt i spalta Dypdykk og gir deg tips til kva som skjer i verdas beste by; Bergen.

Andreas Høvset kjenner me best som låtskrivar, produsent og vokalist i Verdensrommet (såg du konserten under Vill Vill Vest?!). Men Andreas har mange sider, som blir avdekt ei etter ei om dagen. Både gjennom Verdensrommet, som har endt i ei finurleg deilig blanding av indie, jazz, hip hop og elektronisk musikk, saman med Emir Sushi, og solo. Me har spurt om å få vera fluge på veggen i studioet, som me i høve klangkvelden er flytta til Viccen.

Mato Grytten
I tillegg til å vera produsentane bak the Hester V75 beats, har Mathias Olaussen og David Grytten blitt velkjente partyfixers bak DJ-pulten. I tillegg til rapbangarar og anna basstung musikk som får sveitten til å renna på dansegolvet, har visst gutane også ein ting for musikk som inkluderer gitar og blaut vokal. Trur me. Klangkvelden will show!

Dørene opnar 19:00
Kalaset kostar 80 peng
Facebook-hending

Lumikide «Tornado»: ny singel frå den lovande popkvartetten

Ei veka før dei entrar scena på Bergens nye showcase-festival, Vill Vill Vest, slepper Lumikide singelen «Tornado» – «et slags fuck you til en teit gutt som ikke skjønner at du ikke vil ha ham». 

Frå det sarte og skjøre til det impulsive og nesten aggressive, med Kate Bush-vibber og fortryllande synthmelodiar, fangar Lumikide oss igjen med ny låt. Den andre singelen frå kvartettens komande debutalbum gir oss nok ein grunn til å sjå fram til fullengdaren, med utgivingsdato lagt til februar 2017.

«Vi ville rendyrke groove-elemetet i låta, med få og gjentakende elementer som sammen bygger opp en skummel uværssky av en groove, og lande i et eksplosjon av et refreng som griper fatt i deg og forhåpentligvis knuser alle forsvarsverk; I am a tornado / Uprooting your ego»
– Martin Miguel Almagro Tonne, låtskrivar og gitarist

Bergens nye stoltheit Vill Vill Vest går av stabelen 15. og 16. september, og presenterer 48 artistar på 9 av byens beste scenar. Lumikide spelar fredagen, kl 22:30 på Hulen. I tillegg til konsertprogrammet, står interesseorganisasjonen Brak for eit imponerande seminarprogram på dagtid. Me gler oss til å ta i mot norske og internasjonale delegatar i Noregs musikkhovudstad – og ikkje minst eit stort heimepublikum rundt på dei beste spelestadene i byen!

«Tornado» på Tidal / Spotify
Musikkvideo «Golden» frå i sommar
Lumikide på Facebook

Lumikide på Vill Vill Vest Facebook-event

 

Lumikide «Golden»: singel ute 1.juni

Lumikide smyg seg inn i sommarsfæren med første singel frå debutalbumet. Den lovande popkvartetten serverer ein gyllen frisk sommarlåt 1. juni. Singelsleppet markerast med konsert på Landmark i Bergen.

Tilbakelent sommarlykke i støysfæren
Med sfærisk stemme, melodiøse synthlinjer og varm gitarstøy, har Lumikide spelt seg inn i mange norske musikkhjarte dei siste par åra. Intrikate rytmar og støyete gitar kombinert med melodiøse popmelodiar viser ein lovande kvartett i modning, når dei no presenterer første singel frå eit debutalbum det knyt seg stor spenning til.
Lumikide er innom mange inspirasjonskjelder og referansar i sin alternative popmusikk, blant dei kan nevnast Deerhoof, D’Angelo, Tame Impala og Cocteau Twins. Bandet har sidan tittelen Ukas Urørt i 2013 hausta godord frå fleire hald, frå Jørgen Hegstad (P3) som skildrar vokalist Birgitta som “en av de råeste vokalistene i segmentet”, til Jaga Jazzist sin eigen Martin Horntveth om Axel Skalstad: “Norges aller beste trommis om 4-5 år, om han allerede ikke er det”.

Singelsleppet markerast med konsert arrangert av Granbar på Landmark i Bergen, der to andre lovande bergensnamn også er med og feirar singelen; Marinius og Niilas.

Facebook-event

 

De Underjordiske – album ute no!

De Underjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

DeUnderjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

De Underjordiske «Ind I Flammerne» ute no!

Fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av ein av Danmarks mest karakteristiske vokalistar har gitt De Underjordiske ein pangstart i heimlandet. Albumet ligg for tida på 2.plass på dansk vinyltopp – berre slått av Bowie. Etter å ha sett dei på Roskilde saman med 6000 andre i sommar, var det klart; dette måtte Noreg få oppleva.

Fortsett å lese «De Underjordiske – album ute no!»

De Underjordiske – singel og norgesturné

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis Klangkollektivet

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis

Singel i dag, album i mars og turné i april!

Deira heilt eiga tolking av psykedelisk rock – fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av vokalist Peter Kure sin karakteristiske vokal – har sendt De Underjordiske med rakettfart opp på den danske musikkhimmelen. No er første singel ute, og me har ei rekkje konsertar å by på i april!

Fortsett å lese «De Underjordiske – singel og norgesturné»

Ny singel frå Ekkolodd: «Nok æn tier inn»

Ekkolodd er aktuelle med sin andre singel frå andrealbumet, som kjem på nyåret. «Nok æn tier inn» er ei kjærleikserklæring av ei låt, om speleavhengigheit og personifiserte speleautomatar, frå bandet som i 2013 sang seg inn i våre hjerter med Urørt-hiten «Perler». 

Coop Fåvang og spelegalskap
Deltidsjobben på Coop Fåvang gav store inntrykk hjå vokalist Kim Morgan Morken. Då speleautomatar framleis var lov på butikkar i Noreg, hang gjerne folk der frå morgon til kveld, fullstendig hypnotisert av magien til speleautomaten. «Dialogen» som oppsto mellom maskin og menneske sette fantasien i sving hjå den unge Morken i kassa, og har i 2014 endt opp i ei kjærleikserklæring av ei låt, der automaten har fått kvinnelege eigenskaper og fortryller spelaren.

Høyr «Nok æn tier inn» her:

WIMP // SPOTIFY // iTUNES

snu de rundt, betal
skyt på med det du har
strø det i hånda mi
åh, du gjær me så glad

Hardtslåande 60-talsreferansar
Den velkjende, klimprande gitaren dominerer framleis det karakteristiske lydbiletet, men er denne gongen akkompagnert av hardtslåande trommer og markant koring. På refrenget, som vender både akkordar og perspektiv, er det nesten som ein høyrer frustrasjonen til personen som speler på maskinane – eller er det frustrasjonen til tilskodaren?

Ekkolodd har på den komande plata, inkludert singelen «Nok æn tier inn», introdusert både nye instrument, musikarar og produsentar. Strykepartiet er inspirert av «det sløyeste strykearrangementet i historien», som dei sjølv seier; i Steely Dan sin klassikar «Through With Buzz». Andre 60- og 70-talsreferansar, som Pink Floyd sin «Lucifer Sam» samt Dungen sin «Mina damar och fasaner» er gjort tydelege gjennom samarbeidet med produsent Jørgen Træen (Jaga Jazzist, Susanne Sundfør, Kaizers Orchestra m.fl.).

Høyr Ekkolodds forrige singel, «E Kvæle Re», live frå Klangkollektivet Studio Session i april.

 

Fyrste singel frå nysigneringa Lumikide

Ny, knallsterk låt frå vår nysignering Lumikide. Trioen, som i vår kunne smykke seg med tittelen «Ukas Urørt» har blitt kvartett, og fredag tar dei med sitt nye medlem til sleppfest på årets klangkveld på Østre i Bergen.

Lumikide slepp sin fyrste singel på Klangkollektivet i dag. «Again» tar oss med inn i vokalist Birgitta alida Hole sitt forunderlege tekstunivers. Musikalsk innehar låta store kontrastar mellom eit nakent vers over til ein instrumentoverdose av eit refreng. Kaotisk og kontrollert på same tid. Det særeigne lydbiletet har Lumikide framkalla ved å bruke analoge synthar gjennom gamle ampar frå Tyskland.

Med vokal som spenner frå det sarte og skjøre til ein maktdemonstrasjon i stemmebruk, og eit lydbilete som rekker like langt, lagar Lumikide eit suggerande musikalsk univers. Blant referansar og inspirasjonskjelder kan Beach House, Portishead, Susanna Wallumrød og Deerhoof nemnast.

HØYR «AGAIN» HER:

WIMP // SPOTIFY

Frå trio til kvartett

I forkant av konserten på Insomnia i Tromsø eitt par veker tilbake, verva trioen i Lumikide eit fjerde medlem inn i bandet, og er no blitt kvartett. Keyboardist Alf Hulbækmo kjem frå Tolga i Nord-Østerdalen. Også han møtte dei andre på Sund Folkehøgskule, der Lumikide starta i 2011. Han spelar i ulike band innaføre sjangrar som jazz og folkemusikk, og har turnert både i Zambia og England. Grunnlaget som keyboardist har han frå rockeband gjennom ungdomstida, og går no på jazzlinja i Trondheim.

Les meir om Klangkveld #3 her!