Lumikide med ny singel: Den vanskelege kjærleiken

Skjørt men sjølvsikkert om ung kjærleik: «Explorers and Destroyers» handlar om når du får vite så mykje at det øydelegg alt.

Lumikide på tur turné Klangkollektivet coverart: Benedikte Olsen

Singelen er spelt inn i Greener Productions Studio av Karl Klaseide i Trondheim, miksa av Matias Tellez i Skogen Studio og mastra av Jørgen Træen på Bergen Kjøtt.
«Det neste store fra Bergen»
– Bergensmagasinet

Høyr singelen på Spotify // Tidal // Soundcloud

Ut på tur
I mars har dei med seg eit nytt medlem, bassist Jonas Krøvel frå Urørtfinale-aktuelle Pom Poko, og tar ut på turné. Fang dei ein stad nær deg!
Oslo // Kampen Bistro // 23.mars
Bergen // Hulen // 24.mars
Tromsø // Hålogaland Teater // 30.mars
Trondheim // Lobbyen // 31.mars

Lumikide «Tornado»: ny singel frå den lovande popkvartetten

Ei veka før dei entrar scena på Bergens nye showcase-festival, Vill Vill Vest, slepper Lumikide singelen «Tornado» – «et slags fuck you til en teit gutt som ikke skjønner at du ikke vil ha ham». 

Frå det sarte og skjøre til det impulsive og nesten aggressive, med Kate Bush-vibber og fortryllande synthmelodiar, fangar Lumikide oss igjen med ny låt. Den andre singelen frå kvartettens komande debutalbum gir oss nok ein grunn til å sjå fram til fullengdaren, med utgivingsdato lagt til februar 2017.

«Vi ville rendyrke groove-elemetet i låta, med få og gjentakende elementer som sammen bygger opp en skummel uværssky av en groove, og lande i et eksplosjon av et refreng som griper fatt i deg og forhåpentligvis knuser alle forsvarsverk; I am a tornado / Uprooting your ego»
– Martin Miguel Almagro Tonne, låtskrivar og gitarist

Bergens nye stoltheit Vill Vill Vest går av stabelen 15. og 16. september, og presenterer 48 artistar på 9 av byens beste scenar. Lumikide spelar fredagen, kl 22:30 på Hulen. I tillegg til konsertprogrammet, står interesseorganisasjonen Brak for eit imponerande seminarprogram på dagtid. Me gler oss til å ta i mot norske og internasjonale delegatar i Noregs musikkhovudstad – og ikkje minst eit stort heimepublikum rundt på dei beste spelestadene i byen!

«Tornado» på Tidal / Spotify
Musikkvideo «Golden» frå i sommar
Lumikide på Facebook

Lumikide på Vill Vill Vest Facebook-event

 

Lumikide «Golden»: singel ute 1.juni

Lumikide smyg seg inn i sommarsfæren med første singel frå debutalbumet. Den lovande popkvartetten serverer ein gyllen frisk sommarlåt 1. juni. Singelsleppet markerast med konsert på Landmark i Bergen.

Tilbakelent sommarlykke i støysfæren
Med sfærisk stemme, melodiøse synthlinjer og varm gitarstøy, har Lumikide spelt seg inn i mange norske musikkhjarte dei siste par åra. Intrikate rytmar og støyete gitar kombinert med melodiøse popmelodiar viser ein lovande kvartett i modning, når dei no presenterer første singel frå eit debutalbum det knyt seg stor spenning til.
Lumikide er innom mange inspirasjonskjelder og referansar i sin alternative popmusikk, blant dei kan nevnast Deerhoof, D’Angelo, Tame Impala og Cocteau Twins. Bandet har sidan tittelen Ukas Urørt i 2013 hausta godord frå fleire hald, frå Jørgen Hegstad (P3) som skildrar vokalist Birgitta som “en av de råeste vokalistene i segmentet”, til Jaga Jazzist sin eigen Martin Horntveth om Axel Skalstad: “Norges aller beste trommis om 4-5 år, om han allerede ikke er det”.

Singelsleppet markerast med konsert arrangert av Granbar på Landmark i Bergen, der to andre lovande bergensnamn også er med og feirar singelen; Marinius og Niilas.

Facebook-event

 

De Underjordiske – album ute no!

De Underjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

DeUnderjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

De Underjordiske «Ind I Flammerne» ute no!

Fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av ein av Danmarks mest karakteristiske vokalistar har gitt De Underjordiske ein pangstart i heimlandet. Albumet ligg for tida på 2.plass på dansk vinyltopp – berre slått av Bowie. Etter å ha sett dei på Roskilde saman med 6000 andre i sommar, var det klart; dette måtte Noreg få oppleva.

Fortsett å lese «De Underjordiske – album ute no!»

De Underjordiske – singel og norgesturné

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis Klangkollektivet

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis

Singel i dag, album i mars og turné i april!

Deira heilt eiga tolking av psykedelisk rock – fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av vokalist Peter Kure sin karakteristiske vokal – har sendt De Underjordiske med rakettfart opp på den danske musikkhimmelen. No er første singel ute, og me har ei rekkje konsertar å by på i april!

Fortsett å lese «De Underjordiske – singel og norgesturné»

Krachmacher: Klangkollektivets første 7″ lansert!

Vår første 7-tommar er endeleg ute! Krachmacher står med si første utgiving sidan debutalbumet «Paratroopers» i 2012 i hendene. Fredag 15. august kom dobbeltsingelen «Flamingo/ Life Is Blood» ut. Dagen markerast med storslagen sleppfest på Bergen Kjøtt, med gjesteopptredenar frå blant anna Carte Blanche, The Megaphonic Thrift og Hypertext.

Fortsett å lese «Krachmacher: Klangkollektivets første 7″ lansert!»

Singel og musikkvideo frå Electric Eye

electriceye6 2 kopi

Electric Eye slepp sin fyrste singel og ny musikkvideo fredag 1. mars. «Tangerine» er henta frå den komande debutplata «Pick up, Lift off, Space, Time», som er ute 5. april.

På kort tid har ryktet om Electric Eye sin musikalske fortreffelighet også nådd utenlandske aktørar. «Pick up, Lift off, Space, Time» vert trykkt opp i et begrensa, nummerert opplag og gis ut av Klangkollektivet i Norge. Londonbaserte og anerkjente Fuzz Club Records gjer ut plata i UK og distribuerer den videre ut til Europa og USA.

Bandet ledes av Øystein Braut (Alexandria Quartet, Dig Deeper), og med seg på laget har han eit solid mannskap beståande av: Njål Clementsen (Megaphonic Thrift, The Low Frequency in Stereo), Anders Bjelland (Hypertext) og Øyvind Hegg-Lunde (jazz/noise/drone-trommis, Building Instrument).

Høyr låta på WiMP, Spotify, iTunes eller Soundcloud.

Sjekk ut musikkvideo til «Tangerine» her

Om Electric Eye:

Den kraut-inspirerte singelen «Tangerine» er ein rein oppvisning i dynamikk og monotoni. Låten, som byrjar med klangen av sitarer og droneinstrumentet tanpura, endar opp i ein kakofoni av klang, bongotrommer kjørt gjennom Roland Space Echo, skrikande orgel og tremologitarar.

Electric Eye føyer seg inn i ein sterk, norsk tradisjon for psykedelia. Både Kåre & The Cavemens instrumental-rock frå Long Day’s Flight ’till Tomorrow, Serena Maneeshs shoegaze og The Low Frequency in Stereos postrock-månetitting kan brukast som referansar. Også Motorpsychos lange, oppbyggande låtstrukturar frå f.eks Trust Us kan ein skimte konturane av. Mens den norske psykedeliascenen i hovudsak har gått i retning av å forsøke å perfeksjonere shoegaze-stilen, tar Electric Eye ein noko annerledes retning. Det er meir blues, mindre hviskende vokal; meir attitude.

 

Monstereo – Spacesuits, On! – Hør ny singel her

Design: Robert Høyem (Trykk på bildet for å sjå omsaget i fullt format)

Om under ein månad er Bergenskvartetten Monstereo sitt debutalbum endeleg i butikken. Singelen «Silver Lines» er fyrste smakebit ut.

«Spacesuits, On!» er tidenes fyrste albumutgiving på Klangkollektivet! Dobbel vinyl måtte til for å romme materialet spacerockarane sat inne på, og fredag 22. februar sleppes det for publikum. På den ferske singelen tar bandet deg med på ei reise, der dei gjennom åtte minutt utforskar ulike musikalske retningar og innfallsvinklar. Her finn ein element som både fenger og utfordrar lyttaren, med solide melodilinjer som bryt over i heftige støyparti.

– «Silver Lines» er ein god introduksjon inn i verda til Monstereo, men samstundes viser den berre ein brøkdel av det vi kan by på. På «Spacesuits, On!» foreinar vi dei unike sidene ved bandet, og gir publikum ei totaloppleving, seier Ola Utaaker Segadal, bandets vokalist og gitarist.

Hør og del «Silver Lines» her: WiMP, iTunes, Spotify eller Soundcloud.

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/71225383″ params=»» width=» 100%» height=»166″ iframe=»true» /]

 

Det konseptuelle albumet inneheld fem sterke spor som står støtt på eigenhand, men som kvar for seg også bidrar til den større heilheita. Musikken er spelt inn i Lydriket i Bergen, med Mats Halvorsen og Jarle Håland frå Ekkolodd som produsentar, bandets faste samarbeidspartnarar bak studiospakane.Vidare er det miksa av Erlend Fauske og mastra av Jørgen Træen i Duper. Det utanomjordiske omslaget er for øvrig teikna for hand av Klangkollektivets husdesignar, Robert Høyem.

Monstereo på scena

Dei komande månadane er det også mogleg å oppleve Monstereo live på ulike kantar av landet, blant anna på Klangkollektivets showcase under by:Larm. I Bergen blir det minikonsert på Apollon i forbindelse med platesleppet 22. februar, samt stor releasefest på Hulen 8. mars. Monstereo skal også ut på turné saman med labelkameratane Ekkolodd i april månad.

Følg med her eller på Facebook og Twitter for fleire nyheiter om Monstereo sine utgivingar, konsertar osv.

Ekkolodd i Urørtfinalen og ute med ny singel

Foto: Kim Kvalheim

Ekkolodd er klare for årets Urørtfinale, det feirar Klangkollektivet sjølvsagt med ny singel. «Perler» er no tilgjengeleg på WiMP, Spotify og iTunes.

Ekkolodd er einaste Bergensband i finalen, og skal saman med fire andre artistar frå resten av landet kjempa om tittelen: «Årets Urørt». «Perler» og dei andre finalelåtane er no A-lista på NRK P3, fram til ein får høyre dei live på finalen i februar. Ekkolodds patenterte undervannspop er med andre ord definitivt på veg til overflata og vidare ut på radiobølgjene. Sjølve finalen finn stad på Studentersamfundet i Trondheim 6. februar, sendinga vert også kringkasta direkte på NRK3.

Spotify, WiMP og iTunes finn du «Perler» saman med to eksklusive remiksar av Baukhol og Foreground Set. Anbefalast!

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/73904291″ params=»» width=» 100%» height=»166″ iframe=»true» /]

 

by:Larm og debutalbum

Ekkolodd er bekrefta til by:Larm i Oslo og bandet skal gjere fleire konsertar under bransjefestivalen. Sjå by:Larm-programmet for meir informasjon om spelestader- og tider. Den nye singelen, «Perler», finn du sjølvsagt også på Ekkolodd si komande debutplate. «Det bruse forbi me» blir Klangkollektivets andre albumutgiving, med sleppdato fredag 22. mars. Albumet er spelt inn og miksa av Ekkolodd på ekte gjer-det-sjølv-vis. I studioet på Bergen Kjøtt har bandet lagt ned utallige arbeidstimar, og resultatet er absolutt verdt å vente på. Men fyrst skal altså Urørtfinalen og by:Larm få sjå og høyre kva Ekkolodd har å by på.

Følg med denne sida eller på Ekkolodd sine Facebook og Twitter-sider for fleire oppdateringar og nye turnedatoar.

Ny singel frå Hypertext!

Design: Sanda Zahirovic

Hypertext startar 2013 med å gi ut sin fyrste singel på Klangkollektivet. «The Paradox Decides» er i dag tilgjengeleg på Spotify, WiMP, iTunes og ande digitale musikktenester.

Dette fyrste singelsleppet er berre eitt av Hypertext sine mange prosjekt for det komande året. I midten av februar legg bandet ut på Europaturné, som blant anna svingar innom Slovakia og Kroatia på vegen. Singelen er også ein forsmak på Hypertext sitt tredje studioalbum, som kjem i april. For å markere platesleppet vert det også turné i Norge, med stor releasefest på Kvarteret i Bergen, torsdag 2. mai.

Du kan også høyre The Paradox Decides på Soundcloud no, og del den gjerne videre!

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/70691957″ params=»» width=» 100%» height=»166″ iframe=»true» /]

 

Her er nokre ord frå bandet om det forholdsvis uortodokse arbeidet med låta:

«The Paradox Decides er eit produkt av rein eksperimentering i innspelingsstudioet, ikkje heilt ulikt konseptet bak fjernsynsprogrammet «Dating i mørket». Vi vart ført inn i studio med bind for augo, songen vart så spelt inn utan tekniske fordelar som høyretelefoner og syn. Ingen av dei involverte visste eksakt kva instrument dei skulle traktere, eller for den saks skuld, kva dei skulle spele. Følgjeleg er musikken komponert og basert på eit musikalsk instinkt, noko som gir seg til kjenne i både lydbilde og arrangement. Rett og slett».

Sjekk ut Hypertext på Facebook!