Lumikide med ny singel: Den vanskelege kjærleiken

Skjørt men sjølvsikkert om ung kjærleik: «Explorers and Destroyers» handlar om når du får vite så mykje at det øydelegg alt.

Lumikide på tur turné Klangkollektivet coverart: Benedikte Olsen

Singelen er spelt inn i Greener Productions Studio av Karl Klaseide i Trondheim, miksa av Matias Tellez i Skogen Studio og mastra av Jørgen Træen på Bergen Kjøtt.
«Det neste store fra Bergen»
– Bergensmagasinet

Høyr singelen på Spotify // Tidal // Soundcloud

Ut på tur
I mars har dei med seg eit nytt medlem, bassist Jonas Krøvel frå Urørtfinale-aktuelle Pom Poko, og tar ut på turné. Fang dei ein stad nær deg!
Oslo // Kampen Bistro // 23.mars
Bergen // Hulen // 24.mars
Tromsø // Hålogaland Teater // 30.mars
Trondheim // Lobbyen // 31.mars

Klangkveld #5 på Victoria

Det er klart for årets Klangkveld! Som vanleg likar me å dele bursdagsfeiringa med andre, og i år feirar me med vårt ferskaste medlem, Elida Høgalmen, som gir ut sin aller første singel! «The End» er starten på vårt forhold, og blir å oppleva i byens trivlegaste stove denne kvelden. Det blir fleire andre ting, følg med for oppdateringar!

klangkveld_klangkollektivet_johanne-karlsrud_jahjah

Elida Høgalmen si søkjande, insisterande og undrande stemme drar oss inn i hennar forunderlege og melankolske sinn av kjensler. Med eit utforskande band i ryggen skapast spanande komposisjonar og grasiøse melodilinjer som løftar hennar særeigne vokaluttrykk, og gir oss fengslande oppturar med gåsehud. Elida har fanga oss.

Nesten Kult er Anna-Victoria, Xin og Haley, som kvar veke tar deg gjennom eit bestemt tema innan musikken; alt frå fest til breakups. Dei inviterer gjester med kul musikksmak,  opnar sinnet ditt i spalta Dypdykk og gir deg tips til kva som skjer i verdas beste by; Bergen.

Andreas Høvset kjenner me best som låtskrivar, produsent og vokalist i Verdensrommet (såg du konserten under Vill Vill Vest?!). Men Andreas har mange sider, som blir avdekt ei etter ei om dagen. Både gjennom Verdensrommet, som har endt i ei finurleg deilig blanding av indie, jazz, hip hop og elektronisk musikk, saman med Emir Sushi, og solo. Me har spurt om å få vera fluge på veggen i studioet, som me i høve klangkvelden er flytta til Viccen.

Mato Grytten
I tillegg til å vera produsentane bak the Hester V75 beats, har Mathias Olaussen og David Grytten blitt velkjente partyfixers bak DJ-pulten. I tillegg til rapbangarar og anna basstung musikk som får sveitten til å renna på dansegolvet, har visst gutane også ein ting for musikk som inkluderer gitar og blaut vokal. Trur me. Klangkvelden will show!

Dørene opnar 19:00
Kalaset kostar 80 peng
Facebook-hending

Lumikide «Tornado»: ny singel frå den lovande popkvartetten

Ei veka før dei entrar scena på Bergens nye showcase-festival, Vill Vill Vest, slepper Lumikide singelen «Tornado» – «et slags fuck you til en teit gutt som ikke skjønner at du ikke vil ha ham». 

Frå det sarte og skjøre til det impulsive og nesten aggressive, med Kate Bush-vibber og fortryllande synthmelodiar, fangar Lumikide oss igjen med ny låt. Den andre singelen frå kvartettens komande debutalbum gir oss nok ein grunn til å sjå fram til fullengdaren, med utgivingsdato lagt til februar 2017.

«Vi ville rendyrke groove-elemetet i låta, med få og gjentakende elementer som sammen bygger opp en skummel uværssky av en groove, og lande i et eksplosjon av et refreng som griper fatt i deg og forhåpentligvis knuser alle forsvarsverk; I am a tornado / Uprooting your ego»
– Martin Miguel Almagro Tonne, låtskrivar og gitarist

Bergens nye stoltheit Vill Vill Vest går av stabelen 15. og 16. september, og presenterer 48 artistar på 9 av byens beste scenar. Lumikide spelar fredagen, kl 22:30 på Hulen. I tillegg til konsertprogrammet, står interesseorganisasjonen Brak for eit imponerande seminarprogram på dagtid. Me gler oss til å ta i mot norske og internasjonale delegatar i Noregs musikkhovudstad – og ikkje minst eit stort heimepublikum rundt på dei beste spelestadene i byen!

«Tornado» på Tidal / Spotify
Musikkvideo «Golden» frå i sommar
Lumikide på Facebook

Lumikide på Vill Vill Vest Facebook-event

 

Lumikide «Golden»: singel ute 1.juni

Lumikide smyg seg inn i sommarsfæren med første singel frå debutalbumet. Den lovande popkvartetten serverer ein gyllen frisk sommarlåt 1. juni. Singelsleppet markerast med konsert på Landmark i Bergen.

Tilbakelent sommarlykke i støysfæren
Med sfærisk stemme, melodiøse synthlinjer og varm gitarstøy, har Lumikide spelt seg inn i mange norske musikkhjarte dei siste par åra. Intrikate rytmar og støyete gitar kombinert med melodiøse popmelodiar viser ein lovande kvartett i modning, når dei no presenterer første singel frå eit debutalbum det knyt seg stor spenning til.
Lumikide er innom mange inspirasjonskjelder og referansar i sin alternative popmusikk, blant dei kan nevnast Deerhoof, D’Angelo, Tame Impala og Cocteau Twins. Bandet har sidan tittelen Ukas Urørt i 2013 hausta godord frå fleire hald, frå Jørgen Hegstad (P3) som skildrar vokalist Birgitta som “en av de råeste vokalistene i segmentet”, til Jaga Jazzist sin eigen Martin Horntveth om Axel Skalstad: “Norges aller beste trommis om 4-5 år, om han allerede ikke er det”.

Singelsleppet markerast med konsert arrangert av Granbar på Landmark i Bergen, der to andre lovande bergensnamn også er med og feirar singelen; Marinius og Niilas.

Facebook-event

 

De Underjordiske – album ute no!

De Underjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

DeUnderjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

De Underjordiske «Ind I Flammerne» ute no!

Fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av ein av Danmarks mest karakteristiske vokalistar har gitt De Underjordiske ein pangstart i heimlandet. Albumet ligg for tida på 2.plass på dansk vinyltopp – berre slått av Bowie. Etter å ha sett dei på Roskilde saman med 6000 andre i sommar, var det klart; dette måtte Noreg få oppleva.

Fortsett å lese «De Underjordiske – album ute no!»

De Underjordiske – singel og norgesturné

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis Klangkollektivet

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis

Singel i dag, album i mars og turné i april!

Deira heilt eiga tolking av psykedelisk rock – fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av vokalist Peter Kure sin karakteristiske vokal – har sendt De Underjordiske med rakettfart opp på den danske musikkhimmelen. No er første singel ute, og me har ei rekkje konsertar å by på i april!

Fortsett å lese «De Underjordiske – singel og norgesturné»

De Underjordiske «Ind I Flammerne» 11. mars

DeUnderjordiske i Cisternerne. Foto Jacob Hansen. Klangkollektivet

Vår første utanlandske utgiving!

Etter opptreden for 5000 Roskilde-publikummarar i sommar, har danske De Underjordiske vore på alles lepper i vårt naboland det siste halve året. Fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av vokalist Peter Kure sin karakteristiske vokal, har tatt Danmark med storm. I mars lanserer me deira debutalbum «Ind I Flammerne» på vinyl og digitalt i Noreg. Fortsett å lese «De Underjordiske «Ind I Flammerne» 11. mars»

Monstereo – «Bright Dark» ute på vinyl & digitalt

Monstereo_Cover crop

Februar 2013 debuterte bergensbandet Monstereo med albumet «Spacesuits, On!», som første utgivinga på det då nyoppstarta Klangkollektivet. I dag held den musikalske reisa til Monstereo fram når andreplata «Bright Dark» lanserast på både vinyl og digital. I kveld er det også sleppfest på Hulen i Bergen, før turen går over fjellet til Oslo i morgon! Fortsett å lese «Monstereo – «Bright Dark» ute på vinyl & digitalt»

Krachmacher: Klangkollektivets første 7″ lansert!

Vår første 7-tommar er endeleg ute! Krachmacher står med si første utgiving sidan debutalbumet «Paratroopers» i 2012 i hendene. Fredag 15. august kom dobbeltsingelen «Flamingo/ Life Is Blood» ut. Dagen markerast med storslagen sleppfest på Bergen Kjøtt, med gjesteopptredenar frå blant anna Carte Blanche, The Megaphonic Thrift og Hypertext.

Fortsett å lese «Krachmacher: Klangkollektivets første 7″ lansert!»