Lumikide med ny singel: Den vanskelege kjærleiken

Skjørt men sjølvsikkert om ung kjærleik: «Explorers and Destroyers» handlar om når du får vite så mykje at det øydelegg alt.

Lumikide på tur turné Klangkollektivet coverart: Benedikte Olsen

Singelen er spelt inn i Greener Productions Studio av Karl Klaseide i Trondheim, miksa av Matias Tellez i Skogen Studio og mastra av Jørgen Træen på Bergen Kjøtt.
«Det neste store fra Bergen»
– Bergensmagasinet

Høyr singelen på Spotify // Tidal // Soundcloud

Ut på tur
I mars har dei med seg eit nytt medlem, bassist Jonas Krøvel frå Urørtfinale-aktuelle Pom Poko, og tar ut på turné. Fang dei ein stad nær deg!
Oslo // Kampen Bistro // 23.mars
Bergen // Hulen // 24.mars
Tromsø // Hålogaland Teater // 30.mars
Trondheim // Lobbyen // 31.mars

Lumikide på Vill Vill Vest: «Det neste store fra Bergen»

Lumikide Vill Vill Vest Klangkollektivet Foto: Bergensmagasinet/ Øyvind Toft

«Midt under Lumikides konsert på Hulen fredag ble det helt stille. Publikum og bandet forsvant, i stedet kom det frem et svært troll fra urskogen i Os. «No skjer da igjen» var budskapet» skriv eit begeistra Bergensmagasinet etter Lumikides Vill Vill Vest-konsert, som rett og slett kallar popkvartettet «det neste store frå Bergen».

Les meldinga av konserten her

– Folk er så flinke til å jobbe sammen og inkludere hverandre i miljøet. Jeg liker veldig godt å bo her. Også er det det med Vill Vill Vest, at det skjer sånne ting, det er helt fantastisk. Da får flere sjansen til å komme opp og frem.
Birgitta i intervju i Utetrend

Bildegalleri på GAFFA

Takk for i år, Vill Vill Vest, me gler oss allereie til neste år!

Lumikide «Tornado»: ny singel frå den lovande popkvartetten

Ei veka før dei entrar scena på Bergens nye showcase-festival, Vill Vill Vest, slepper Lumikide singelen «Tornado» – «et slags fuck you til en teit gutt som ikke skjønner at du ikke vil ha ham». 

Frå det sarte og skjøre til det impulsive og nesten aggressive, med Kate Bush-vibber og fortryllande synthmelodiar, fangar Lumikide oss igjen med ny låt. Den andre singelen frå kvartettens komande debutalbum gir oss nok ein grunn til å sjå fram til fullengdaren, med utgivingsdato lagt til februar 2017.

«Vi ville rendyrke groove-elemetet i låta, med få og gjentakende elementer som sammen bygger opp en skummel uværssky av en groove, og lande i et eksplosjon av et refreng som griper fatt i deg og forhåpentligvis knuser alle forsvarsverk; I am a tornado / Uprooting your ego»
– Martin Miguel Almagro Tonne, låtskrivar og gitarist

Bergens nye stoltheit Vill Vill Vest går av stabelen 15. og 16. september, og presenterer 48 artistar på 9 av byens beste scenar. Lumikide spelar fredagen, kl 22:30 på Hulen. I tillegg til konsertprogrammet, står interesseorganisasjonen Brak for eit imponerande seminarprogram på dagtid. Me gler oss til å ta i mot norske og internasjonale delegatar i Noregs musikkhovudstad – og ikkje minst eit stort heimepublikum rundt på dei beste spelestadene i byen!

«Tornado» på Tidal / Spotify
Musikkvideo «Golden» frå i sommar
Lumikide på Facebook

Lumikide på Vill Vill Vest Facebook-event

 

Lumikide og De Underjordiske på Klubb-Øya

Lumikide og De Underjordiske til Klubb-Øya

Tysdag sparkar ei rekkje klubbar i gong årets Øyafestivalen i Oslo. På Internasjonalen, som for anledningen har flytta scena ut på Youngstorget, får du oppleva både Lumikide (kl. 17.00) og De Underjordiske (DK)(kl. 19.00).

De danske drenge i De Underjordiske gav i vinter ut sitt debutalbum «Ind i Flammerne», etterfulgt at ein suksess av ein norgesturné i april. Lumikide har besøkt Tigerstaden under Klubb-Øya før, som den gong førte til klangsignering. Popkvartetten slepp sitt debutalbum tidleg 2017, som det knyt seg stor spenning til.

Sjåast i Oslo!
Facebook-event

 

Lumikide «Golden»: singel ute 1.juni

Lumikide smyg seg inn i sommarsfæren med første singel frå debutalbumet. Den lovande popkvartetten serverer ein gyllen frisk sommarlåt 1. juni. Singelsleppet markerast med konsert på Landmark i Bergen.

Tilbakelent sommarlykke i støysfæren
Med sfærisk stemme, melodiøse synthlinjer og varm gitarstøy, har Lumikide spelt seg inn i mange norske musikkhjarte dei siste par åra. Intrikate rytmar og støyete gitar kombinert med melodiøse popmelodiar viser ein lovande kvartett i modning, når dei no presenterer første singel frå eit debutalbum det knyt seg stor spenning til.
Lumikide er innom mange inspirasjonskjelder og referansar i sin alternative popmusikk, blant dei kan nevnast Deerhoof, D’Angelo, Tame Impala og Cocteau Twins. Bandet har sidan tittelen Ukas Urørt i 2013 hausta godord frå fleire hald, frå Jørgen Hegstad (P3) som skildrar vokalist Birgitta som “en av de råeste vokalistene i segmentet”, til Jaga Jazzist sin eigen Martin Horntveth om Axel Skalstad: “Norges aller beste trommis om 4-5 år, om han allerede ikke er det”.

Singelsleppet markerast med konsert arrangert av Granbar på Landmark i Bergen, der to andre lovande bergensnamn også er med og feirar singelen; Marinius og Niilas.

Facebook-event

 

Fyrste singel frå nysigneringa Lumikide

Ny, knallsterk låt frå vår nysignering Lumikide. Trioen, som i vår kunne smykke seg med tittelen «Ukas Urørt» har blitt kvartett, og fredag tar dei med sitt nye medlem til sleppfest på årets klangkveld på Østre i Bergen.

Lumikide slepp sin fyrste singel på Klangkollektivet i dag. «Again» tar oss med inn i vokalist Birgitta alida Hole sitt forunderlege tekstunivers. Musikalsk innehar låta store kontrastar mellom eit nakent vers over til ein instrumentoverdose av eit refreng. Kaotisk og kontrollert på same tid. Det særeigne lydbiletet har Lumikide framkalla ved å bruke analoge synthar gjennom gamle ampar frå Tyskland.

Med vokal som spenner frå det sarte og skjøre til ein maktdemonstrasjon i stemmebruk, og eit lydbilete som rekker like langt, lagar Lumikide eit suggerande musikalsk univers. Blant referansar og inspirasjonskjelder kan Beach House, Portishead, Susanna Wallumrød og Deerhoof nemnast.

HØYR «AGAIN» HER:

WIMP // SPOTIFY

Frå trio til kvartett

I forkant av konserten på Insomnia i Tromsø eitt par veker tilbake, verva trioen i Lumikide eit fjerde medlem inn i bandet, og er no blitt kvartett. Keyboardist Alf Hulbækmo kjem frå Tolga i Nord-Østerdalen. Også han møtte dei andre på Sund Folkehøgskule, der Lumikide starta i 2011. Han spelar i ulike band innaføre sjangrar som jazz og folkemusikk, og har turnert både i Zambia og England. Grunnlaget som keyboardist har han frå rockeband gjennom ungdomstida, og går no på jazzlinja i Trondheim.

Les meir om Klangkveld #3 her!

 

Klangkveld #3: dobbel sleppfest og storfint besøk frå London

Facebook

For å markera Klangkollektivet sine to år er det på tide med ny storslagen fest på Østre i Bergen, fredag 7. november. I år blir det sleppfest på bursdagsfesten; Alexander von Mehren feirer sin ferske utgiving, det blir singelslepp med Lumikide og me får besøk av ein av bidragsyterane på remix-EP-en til von Mehren – Sean O’Hagan (The High Llamas, Stereolab).

Det er no to år sidan me opna dørene på Østre og ynskja velkommen til første smakebit av Klangkollektivet. Byens nye storstove for alternativ musikk og kunst var den perfekte arena for kvelden, og kombinert med byens beste lyd har me halde på våre labelkveldar her. Etter to år har det skjedd mykje – elleve album, to EP-ar, ein kassett, ein sjutommar og ein vinylkaffi er allereie ute i butikkane og i den digitale skya. Og meir er på veg.

ALEXANDER VON MEHREN SLEPPFEST
Fredag 31. oktober er Alexander von Mehren tilbake med debutalbumet i ny drakt når han lanserar remix-EP-en «Aéropop Revisited». På Østre denne kvelden blir det plateslepp med fullt band på scena. Ideen bak remixprosjektet stammar frå von Mehren sin freidige visjon om å få nokre av sine aller største musikalske førebilete til å laga eigne versjonar av låtar frå «Aéropop». Og det er ei imponerande gjesteliste som bidrar med remixar: Andy Ramsay & Joe Watson (Stereolab), Young Dreams, Dave LeBleu (The Mercury Program), Orwell og Crookram. Sean O’Hagan sitt bidrag «Aérosuite: The House That Jack Built» vart sluppe fredag 19. september og er tilgjengeleg digitalt no. Remixen er basert på avslutningsverket frå von Mehrens debutalbum «Aéropop» (2013), og The High Llamas-generalen har i grunn laga ein heilt ny låt basert på von Mehren sitt originalmateriale.

image-kopi

EKSKLUSIV OPPTREDEN AV SEAN O’HAGAN
Steminga var i taket då me fekk stadfesta at Sean O’Hagan ville bli med på sleppfesten i Bergen. Det blir hans fyrste opptreden i byen sidan konserten med The High Llamas på Bergenfest i 2003. Me gler oss til å høyre O’Hagan i soloformat! Kanskje blir det også nokre gjesteopptredenar Sean og Alexander imellom?

Irske Sean O’Hagan har vore ein sentral skikkelse i det alternative musikkmiljøet i Storbritannia sidan starten av 90-talet, og er spesielt kjend for sitt musikalske bidrag i Stereolab og ikkje minst hovudprosjektet The High Llamas. Men O’Hagan har også samarbeidd med ei lang rekkje andre artistar og band, og har blant anna laga stryke- og blåsearrangement for fleire av Sondre Lerche sine låtar opp gjennom åra.

«Aéropop Revisited» kjem ut på vinyl, CD og digitalt i USA, Canada og Mexico (The Control Group), Storbritannia (Folkwit) og Japan (Rallye). Og sjølvsagt i Noreg via Klangkollektivet. Låtane er mastra i Abbey Road av Alex Wharton.

LUMIKIDE MED NY SINGEL
Den nysignerte trioen Lumikide imponerte bergenspublikummet under Den Elleville Festen. 5. november slepp dei ny singel frå den komande EP-en, og to dagar etterpå får Bergen nok ein gong oppleve trioen, som i vår vart kåra til «Ukas Urørt». Med særeigen vokal som spenner frå det sarte og skjøre til ein maktdemonstrasjon i stemmebruk, og eit lydbilete som rekk like langt, produserer trioen eit musikalsk univers som sluker deg og får deg til å trygle om meir. «De skriver og fremfører intrikate og avanserte komposisjoner, men sper på med popete melodilinjer som gjerne treffer et litt bredere publikum. Spennende!» – Krister Wiberg, Musikknyheter.no om konserten på Elleville.

KLANGKOLLEKTIVET #3
Same dag som klangfest på Østre, lanserast vår årlege samleutgiving digitalt. Her finn du både oppsummerande og framtidspeikande låtar frå våre artistar.

Djs for kvelden er Young Dreams, som også har remixa ein låt til EPen, og David «Herremannen» Heilman (trommer i Sondre Lerche, Fancy Colors, Regina Spektor m.m.).

Design: Johanne Karlsrud

2år-plakat-3 kopi 2

 

 

Bli kjent med Lumikide

lumikide-kopi

Jeg så på de andre og nikket anerkjennende. Lumikide. Selvfølgelig har jeg hørt om dem. Ble ikke de kåret til ukas urørt? Jeg forsto med en gang at jeg måtte til bunns i saken. Hvem er egentlig Lumikide? Jeg tenkte at hvis jeg sitter her og lurer, ja da er det kanskje flere som gjør det. Så jeg tok en prat med bandet, brøt meg inn i PR-avdelingen, hacka hjemmesiden og laget mitt eget intervju.

Bookingagent Silve tar en prat med nysignerte Lumikide

Hvordan oppsto Lumikide?
Birgitta og Martin hadde spilt en stund sammen, lagd låter med synth og trommemaskin og gjort en del interessante trommemaskinbasert coverlåter av Abba, Outcast og Veronica Maggio. Men de ble lei av trommemaskiner og stramme rammer og fikk med Axel på trommer. Da falt bitene på plass. Alle hadde en felles tanke om hva slags band vi ville ha og hva slags musikk vi ville spille. Det kom nesten av seg selv fra første øvingsdag.

Hva betyr Lumikide og hvorfor valgte dere det navnet?
Vi fant masse finske ord som hørtes fine ut, blant annet lumi (snø) og kide (krystall). Så satte vi egentlig bare sammen de fineste. Tilfeldigvis betyr det også snøkrystall på finsk, og alle de assosiasjonene som følger med det.

Hva har dere gjort tidligere, før Lumikide?
Birgitta har spilt med Victor Wooten og vært med på sirkus. Axel har spilt metall og blues, stått på twintip og vært kretsmester i trampett/trampoline. Martin har spilt klassisk gitar og skata ganske mye. Alle har holdt på med musikk i forskjellige former nesten hele livet.

Hvordan går dere fram i låtskrivingsprosessen?
I starten jamma vi fram låter sammen, skreiv tekster sammen og fikk til og med søsteren til Birgitta til å skrive litt. Etter hvert flytta vi til hver vår by og jobba mer hver for oss, sendte idéer på internett og skypa. Så møttes vi en gang i blant og kjørte på. Nå er det som oftest sånn at Martin spiller inn en (falsk og utight) demo som han sender til resten, og så jobber vi med låta sammen når vi møtes.

Hvor henter dere inspirasjon?
Egentlig fra alt som er kult og som er gutsy på ett eller annet vis, enten det er 200 år gammelt eller hyperaktuelt. For å namedroppe kjapt: John Coltrane, Paal Nilssen-Love, Hanne Hukkelberg, Dirty Loops, Nick Drake, Beach Boys, Beatles, The-Dream, Chicago, Maurice Ravel, The Bad Plus, Igor Stravinskij, Portishead, Deerhof, Björk, Al Jarreau, ABBA, Meshuggah, Taylor Swift, Bach, Miguel og Blonde Redhead.

Hva er planene framover?
Nå er vi i studio og spiller inn EP. Vi skal spille en del konserter nå i høst. Først ut er Den Elleville Festen på Verftet på lørdag. Det blir utgivelse på nyåret, og da blir det vel litt turnering rundt releasen. Deretter blir det låtskriving og øving. Vi sikter oss inn mot plate en gang etter det.

Hvor er dere om fem år?
Om fem år har vi et par utgivelser på samvittigheten, har spilt på alle de feteste festivalene i Norge og har begynt å snuse på resten av Europa, og kanskje verden. Musikken er på sett og vis lik som den er nå, men har utvikla seg i en mer crazy, radiovennlig og esoterisk retning.

Har dere noen guilty pleasures? Hvilke?
Vi er grunnleggende i mot begrepet. Vi har ingen guilty pleasures, bare pleasures. Men av musikk vi digger, som andre kanskje rynker på nesa av, kan vi nevne superslick fusionjazz (Al Jarreau, Yellowjackets, Steps Ahead), frijazz og improvisert musikk i alle mulige former, herlig søt countrypop (Taylor Swift) og episke 80-tallshelter som Chicago og Toto.