Línt signerer til Tyskland!

Etter sin første utanlandske konsert på Spot-festivalen i Århus, Danmark i april, vart Línt plukka opp av ein begeistra gjeng frå tyske Popup Records. Møtet ende i platekontrakt, PR- og bookingavtale for Tyskland, Sveits og Austerrike.

Foto: Magnus Haaland Sunde

2017 blir dermed eit år for kontinentutforsking for bandet, som albumdebuterte med kritikarroste «Then They Came For Us» i 2015. Det er dette som no skal distribuerast nedover Europa.

«Trips» er allereie handplukka av ei rekkje store radiokanalar i Tyskland. I oktober ventar verdspremiere på ny musikkvideo til singelen, og 11. november lanserast albumet i dei tyskspråklege land på kontinentet. Tidleg 2017 ventar turné i Tyskland, Sveits, Austerrike – og Danmark. Før bandet reiser frå Noreg, gir dei konsert for heimepublikummet på Hulen i Bergen 4. november.

«Storslått postrockperle! Det er massivt, helt uten frykt og en altoppslukende opplevelse»
– Bergens Tidende 08.05.15

«Beauty that is hard to express in words»
– Nothing But Hope And Passion 12.02.15

Kontaktinformasjon:
Booking Noreg: kristoffer(a)klangkollektivet.no
PR & Booking Danmark: solgunn(a)klangkollektivet.no
Booking Germany, Austria and Switzerland: christoph(a)popup-records.de
PR & label Germany, Austria and Switzerland: sebastian(a)popup-records.de

 

Klangkollektivet på by:Larm 2014

Skjermbilde 2014-02-06 kl. 11.49.34-kopi 2

Klangkollektivet er godt representert under årets store musikkhending i Oslo, og held blant anna fram med den populære showcasen på Tilt.

LÍNT PÅ HOVUDPROGRAMMET
Postrockarane i Línt var ein av by:Larm-juryen sine utvalde demoband i år. Bandet var også på plass under Trondheim Calling, der dei imponerte stort i Bakke Kirke. Musikkbloggen Nothing But Hope and Passion trakk fram Línt som ein av sine live-favorittar frå festivalen: «Bergen-based post-rock band Lìnt took the listeners breath. There are no words that can express this musical beauty». Les også om Jakten på den perfekte klangen på Musikknyheter.no.

Konsertar under by:Larm:

Fredag 28. februar
18:45 – Tilt / 23:00 – Gamla
Lørdag 1. mars
13:30 – Kulturkirken Jacob / 21:30 – Revolver

KLANGKOLLEKTIVET SHOWCASE
I fjor var det fullt hus på showcasen til Klangkollektivet på Tilt, og me vender sjølvsagt tilbake til same stad i år. Med over fjellet frå Bergen har me tre spanande artistar, fersk vinylkaffi og eitt par overraskingar. Velkommen til Tilt, fredag 28. februar!

Program:
18:00 – The Big Almost
18:45 – Línt
19:30 – Alexander von Mehren
+ DJ Braut (Electric Eye)

Alexander von Mehren
Onsdag 26. februar
21:15 – Mono (Prelarm)

INDIE LABEL MARKET
Det britiske konseptet har nådd Tigerstaden. Laurdag 11:00–16:00 finn du oss blant 25 andre uavhengige plateselskap på labelpmesse i Kulturkirken Jacob. Línt er blant artistane som speler på arrangementet, kl. 13:30.

Arrangementet er gjennomført med stønad av Bergen Kommune

 

Event på Facebook!

 

Klangkollektivet – 1 år!

Klangkollektivet og Ekko presenterer:

Det er no berre eitt år sidan me opna dørene på Østre og ønska velkommen til første smakebit av prosjektet, Klangkollektivet. Byens nye storstove for alternativ musikk og kunst var den perfekte arena for kvelden. Så no er me her igjen! Eitt år etter har det skjedd mykje: sju album og ein EP er allereie ute på vinyl og i den digitale skya. Band er sendt på turné i inn- og utland, og fleire land står for tur.

Det er også noko med Noreg-Danmark, Bergen-Århus. Allereie før me lanserte i fjor, prata me med gode folk i utlandet. Det er difor naturleg å invitere opp eit spanande namn frå vårt naboland Danmark. Møt våre danske vener, lokale kjenningar i kollektivet, ein ny DJ-duo, vår faste lydteknikar Michael og fantastisk sprøe VJ BN. Velkommen til ny Klangkveld og bursdagsfeiring på Østre, fredag 29. november!

Hypertext /// Línt /// Gjester: Waldo & Marsha (DK) /// DJs: Admir & Alisa

Dørene opnar 21:00 /// Konsertstart 21:30 /// Inngong: 120,- (billettsal i dør) /// Design: Overhaus/ Robert Høyem

WALDO & MARSHA
More is more – mektig shoegazepop frå 8 unge danske menn

Dette unge, danske åttemannsorkesteret har dei siste åra florert i undergrunnen av dansk musikkmiljø. Då deira debutalbum kom ut tidlegare i år, vart det hylla i dei største danske mediene; dansk musikkframtid er lys, her kjem ungdommen! Med musikalske lenker til ”den eldre garde” som Cocteau Twins, The Beach Boys og The Flaming Lips serverer bandet ein mektig lydvegg av støyande shoegazepop med sine svevande gitarar og 80-tals synthar. Dei har også fått med seg den danske diskokongen Vinnie Who på låta «Canals», og me får vibber av våre danske heltar i Mew over oss. Den dejlige, suggerande driven Waldo & Marsha tilfører støyande psykedelisk pop har truffe oss midt i hjarterota, og det er på tide at også Bergen får sett desse danskane live.

«Det må kandidere til et af forårets nævneværdige musikalske højdepunkter» – Gaffa Danmark (5/6)

W&M 8 portrett

[soundcloud url=»https://api.soundcloud.com/tracks/88402546″ params=»color=ff6600&auto_play=false&font=Georgia&player_type=tiny» width=»100%» height=»18″ iframe=»false» /]

 

HYPERTEXT
Bergen har mykje å takka Haugesund for. På starten av 2000-talet fann den eine haugesundaren etter den andre det godt å flytta nordover, til Bergen, for å dyrka sitt musikalske virke. Slik har det oppstått eit nesten eige miljø i Bergen, og frå dette dukka kvartetten Hypertext opp i 2006. Det tok ikkje lang tid før den vaks til ein sekstett, som har hatt medlem frå både Casiokids, The Gin and Tonic Youth, Susanne Sundfør og Electric Eye med i konstellasjonen. Hypertext har i løpet av sine leveår lånt frå mange ulike sjangrar og veksla mellom både krautrock, støy, shoegaze og pop. Vokalane følgjer instrumenta tett, gir eit saumlaust lydbilete, og resulterer i eit leikent og dynamisk uttrykk som fryder å lytte til. Det har nærast blitt tradisjon at sekstetten annonserer sin musikalske ståstad med albumtittelen, seinast i vår med tredjeplata «Progmatisme». Bandet er aktive i utlandet, og har spelt på bl.a Spot-festivalen i Århus.

SONY DSC

[soundcloud url=»https://api.soundcloud.com/tracks/70732995″ params=»color=ff6600&auto_play=false&font=Georgia&player_type=tiny» width=»100%» height=»18″ iframe=»false» /]

 

LÍNT
Den unge gjengen i Línt leverer framifrå komposisjonar i skjæringspunktet mellom post- og støyrock, med fokus på utfordrande låtar som er melodiske og dvelande på same tid. Storarta konsertar og nydelege låtar har nok mykja av skylda for den velfortente merksemda gjengen har fått siste halvanna året. Kvintetten eksperimenterer fritt med postrock-sjangeren; Gitarbaserte melodiar legg grunnlaget, medan musikken karakteriserast av dynamiske kontrastar som inneheld både symfoniske og avantgardistiske element. Alt pakkast inn i draumande og suggerande komposisjonar som byggjer seg opp til mektige lydlandskap. Inspirasjon hentar dei frå store namn som Godspeed You! Black Emperor, Mogwai og Sigur Rós – men kvintetten beveger seg ofte langt bort frå sine inspirasjonskjelder, i retning av ukjende landskap. «Línt EP» vart sluppen på 12’ vinyl mai i vår, og er spelt inn i Greener Productions (Dråpe, Angelica’s Elegy).

Lint_FOTO_Adrian_Nielsen-24-crop

[soundcloud url=»https://api.soundcloud.com/tracks/89707535″ params=»color=ff6600&auto_play=false&font=Georgia&player_type=tiny» width=»100%» height=»18″ iframe=»false» /]

 

ADMIR & ALISA
Etter mange år med forbipassering, heller tilfeldige møter og seine nattestimar med musikkprat, har Admir & Alisa frå Ekko-DJs-familien (då under dei meir eller mindre pretensiøse namna Admir Kenan og Unge Lovende Larsen) funne tonen over miksebordet. Dei forlét det trygge Ekko-landskapet og spelar meir rocka favorittar frå platesamlinga. Som Admir sjølv seier det: ”Indie, råkk, pop, new wave, minimal wave, post-punk, alternativ elektronisk musikk og whatnot. Tenk Led Zeppelin møter Nicolas Jaar, tenk Grimes møter Joy Division. Me stiller med opent sinn og håpar du får det gøy! C’est La vie!”

poster_trykk

Design: Overhaus / Robert Høyem

 

Phonofestivalen + Klangkollektivet

487470_10152624108570405_1183312705_n

Torsdag 12. september startar Phonofestivalen 2013 på Det Akademiske Kvarter. Og årets utgåve av festivalen til Studentradioen i Bergen ser ut til å bli ein av dei beste nokon sinne. Som vanleg er det konsertar med både spanande og interessante nye artistar, men i tillegg til eit bredt musikkprogram er det også samarbeid med andre organisasjonar, som blant anna byr på kunst, debattar, samtalar, utstillingar, radiosendingar, mm.

Klangkollektivet er også godt representert på årets festival. På artistfronten finn vi vårt favoritt spaceblues-orkester Electric Eye, som startar sin Skandinaviaturne i Trondheim 12. september. Andre stopp for «Psychedlic Sounds of the North» blir på Phonofestivalen fredag 13. september, saman med The Orange Revival (DK) og The Wands (SE). Det er mykje som skjer på psych-scena i Norden for tida, og her kan du få eit solid innblikk i noko av det beste som rører seg der akkurat no. Línt er også endelig tilbake på konsertscena etter den fantastiske sleppfesten på Landmark i mai, du ser dei i Speilsalen laurdag 14. september. Med seg denne kvelden har dei nye låtar og flotte komposisjonar henta frå EPen som kom ut før sommaren. Fredag 13. september snurrar Klangkollektivet DJs også plater i Grøndals frå kl. 00.00. Stikkord: Bra musikk frå dei siste fire decennier!

I tillegg har vi saumfart det rikhaldige programmet til Phonofestivalen, og plukka ut favorittar blant våre tilreisande artistar:

Solgunn Slåtto, dagleg leiar

1. Jacco Gardner (NL) – Fredag, Teglverket, 00.00

Ung fyr, som likevel høyrest ut som han er skoten ut frå 60-talet, er nederlandske Jacco Gardner. Kva tid høyrde du nederlandsk sist, som hadde null synth og 100% gitar? Alice Deejay sin statement (Who needs guitar anyway?) får seg endeleg ein liten utfordrar i eit land som druknar i dårlege DJs, UV-lys og QR-kodar.

2. Bendik Baksaas Band – Fredag, Teglverket, 01.00

Bendik Baksaas Band har vore eit namn eg har følgt lenge, men aldri fått oppleve live, så det er på høg tid!

3. Reptile Youth (DK) – Torsdag, Tivoli, 00.15

Til slutt må du lova og ikkje gå glipp av ein energibunt utan sidestykke: har prøvd fleire år å hente inn Reptile Youth til Bergen, gratulera Phono, eit av live-høgdepunkta i Bergen i haust kan muligens tilfalle helgas festival! Første gong eg såg desse, by:Larm 2011, førte til at eg oppretta YouTube-kanal for å dele galskapen. GOD PHONO!

Bonus: Veldig moro at Phono har henta inn gøymde 70-talsdinosaurar som Mark Fry og Nick Garrie, som to gamle trøflar i den elles så unge fruktsalaten.

 

Roger Lygre Solvang, PR-ansvarlig

1. Bombino (NIG) – Torsdag, Teglverket, 22.45

Nigerianske Bombino har med «Nomad» gitt ut ei av årets klart beste plater, for øvrig produsert av Dan Auerbach frå Black Keys. Ørkenblues tilført ein solid dose rock og inspirert av meir tradisjonell amerikansk blues. Har i følgje rykta allereie levert framifrå konsertar i Oslo, blir nok minst like bra i Teglverket!

2. Makthaverskan (SE) – Fredag, Tivoli, 23.30

Svensk pop. I følgje omtalen til Phono vert dei sett på som arvtakarane til namn som Broder Daniel og Masshysteri. Ikkje akkurat små sko å fylle, men har trua på det her! Alle som fekk med seg den legendariske konserten til Masshysteri på Inside for nokre år tilbake har uansett møteplikt her.

3. Nick Garrie (UK) – Fredag, Speilsalen, 20.30

Finfin orkestert psykedelisk pop frå tidleg 70-tall, ikkje langt unna Nick Drake og comeback-fenomenet Bill Fay i lydbilete, men med meir oppmuntrande melodiføring og tekstunivers. Ein skjult skatt på årets program!

Bonus: ENO på Phono – musikalsk hjerneføde kvar dag under festivalen.

 

Jon Hågan Fjelland, bookingsjef

1. Mark Fry (UK) – Fredag, Speilsalen, 21.45

Av artistar eg vil anbefale er, som Solgunn seier, Mark Fry et must! Psykedelisk singer-songwriter, kunstar og mykje meir på CVen.

2. Girl Names (UK) –  Lørdag, Teglverket, 00.00

Fra bølga med psychrock og støy-pop som har komt dei siste par åra er Girl Names eit av dei mest spanande banda eg har hørt.

3. FolkE – Lørdag, Tivoli, 23.00

Til slutt vil eg anbefale norske FolkE. Diggar du artister som Four Tet og Bonono, er dette noko du heilt klart kjem til å sette stor pris på!

Klangkollektivet på by:Larm

Klangkollektivet inviterer til labelnight på Tilt under by:Larm, torsdag 14. februar kl. 18:00.

Då  tek vi turen vi over fjellet til hovudstaden, for å vise fram noko av det beste og mest spanande Bergens musikalske undergrunn har å by på om dagen. Vi inviterer til fest og konsertar med fire av våre artistar, der Monstereo, Electric Eye og Línt alle er aktuelle med utgivingar i løpet av dei komande månadane. Så kom innom Tilt denne kvelden, for ein forsmak på platevåren til Klangkollektivet.

Meld deg på Facebook-eventen her.

 

KLANGKOLLEKTIVET PRESENTERER:
18:00 – Línt
18:45 – Electric Eye
19:30 – Monstereo
20:15 – Krachmacher

DJ Sten Ove Toft

GRATIS INNGONG!

 

Vi vil sjølvsagt også oppfordra alle til å sjekke ut Ekkolodd under årets by:Larm, der dei spelar på følgande stader og tidspunkt:

Fredag 15.02 / Revolver / Kl. 00:30
Lørdag 16.02 / John Dee / Kl. 22:00