Klangkveld #5 på Victoria

Det er klart for årets Klangkveld! Som vanleg likar me å dele bursdagsfeiringa med andre, og i år feirar me med vårt ferskaste medlem, Elida Høgalmen, som gir ut sin aller første singel! «The End» er starten på vårt forhold, og blir å oppleva i byens trivlegaste stove denne kvelden. Det blir fleire andre ting, følg med for oppdateringar!

klangkveld_klangkollektivet_johanne-karlsrud_jahjah

Elida Høgalmen si søkjande, insisterande og undrande stemme drar oss inn i hennar forunderlege og melankolske sinn av kjensler. Med eit utforskande band i ryggen skapast spanande komposisjonar og grasiøse melodilinjer som løftar hennar særeigne vokaluttrykk, og gir oss fengslande oppturar med gåsehud. Elida har fanga oss.

Nesten Kult er Anna-Victoria, Xin og Haley, som kvar veke tar deg gjennom eit bestemt tema innan musikken; alt frå fest til breakups. Dei inviterer gjester med kul musikksmak,  opnar sinnet ditt i spalta Dypdykk og gir deg tips til kva som skjer i verdas beste by; Bergen.

Andreas Høvset kjenner me best som låtskrivar, produsent og vokalist i Verdensrommet (såg du konserten under Vill Vill Vest?!). Men Andreas har mange sider, som blir avdekt ei etter ei om dagen. Både gjennom Verdensrommet, som har endt i ei finurleg deilig blanding av indie, jazz, hip hop og elektronisk musikk, saman med Emir Sushi, og solo. Me har spurt om å få vera fluge på veggen i studioet, som me i høve klangkvelden er flytta til Viccen.

Mato Grytten
I tillegg til å vera produsentane bak the Hester V75 beats, har Mathias Olaussen og David Grytten blitt velkjente partyfixers bak DJ-pulten. I tillegg til rapbangarar og anna basstung musikk som får sveitten til å renna på dansegolvet, har visst gutane også ein ting for musikk som inkluderer gitar og blaut vokal. Trur me. Klangkvelden will show!

Dørene opnar 19:00
Kalaset kostar 80 peng
Facebook-hending

Fyrste singel frå nysigneringa Lumikide

Ny, knallsterk låt frå vår nysignering Lumikide. Trioen, som i vår kunne smykke seg med tittelen «Ukas Urørt» har blitt kvartett, og fredag tar dei med sitt nye medlem til sleppfest på årets klangkveld på Østre i Bergen.

Lumikide slepp sin fyrste singel på Klangkollektivet i dag. «Again» tar oss med inn i vokalist Birgitta alida Hole sitt forunderlege tekstunivers. Musikalsk innehar låta store kontrastar mellom eit nakent vers over til ein instrumentoverdose av eit refreng. Kaotisk og kontrollert på same tid. Det særeigne lydbiletet har Lumikide framkalla ved å bruke analoge synthar gjennom gamle ampar frå Tyskland.

Med vokal som spenner frå det sarte og skjøre til ein maktdemonstrasjon i stemmebruk, og eit lydbilete som rekker like langt, lagar Lumikide eit suggerande musikalsk univers. Blant referansar og inspirasjonskjelder kan Beach House, Portishead, Susanna Wallumrød og Deerhoof nemnast.

HØYR «AGAIN» HER:

WIMP // SPOTIFY

Frå trio til kvartett

I forkant av konserten på Insomnia i Tromsø eitt par veker tilbake, verva trioen i Lumikide eit fjerde medlem inn i bandet, og er no blitt kvartett. Keyboardist Alf Hulbækmo kjem frå Tolga i Nord-Østerdalen. Også han møtte dei andre på Sund Folkehøgskule, der Lumikide starta i 2011. Han spelar i ulike band innaføre sjangrar som jazz og folkemusikk, og har turnert både i Zambia og England. Grunnlaget som keyboardist har han frå rockeband gjennom ungdomstida, og går no på jazzlinja i Trondheim.

Les meir om Klangkveld #3 her!