Klangkveld #5 på Victoria

Det er klart for årets Klangkveld! Som vanleg likar me å dele bursdagsfeiringa med andre, og i år feirar me med vårt ferskaste medlem, Elida Høgalmen, som gir ut sin aller første singel! «The End» er starten på vårt forhold, og blir å oppleva i byens trivlegaste stove denne kvelden. Det blir fleire andre ting, følg med for oppdateringar!

klangkveld_klangkollektivet_johanne-karlsrud_jahjah

Elida Høgalmen si søkjande, insisterande og undrande stemme drar oss inn i hennar forunderlege og melankolske sinn av kjensler. Med eit utforskande band i ryggen skapast spanande komposisjonar og grasiøse melodilinjer som løftar hennar særeigne vokaluttrykk, og gir oss fengslande oppturar med gåsehud. Elida har fanga oss.

Nesten Kult er Anna-Victoria, Xin og Haley, som kvar veke tar deg gjennom eit bestemt tema innan musikken; alt frå fest til breakups. Dei inviterer gjester med kul musikksmak,  opnar sinnet ditt i spalta Dypdykk og gir deg tips til kva som skjer i verdas beste by; Bergen.

Andreas Høvset kjenner me best som låtskrivar, produsent og vokalist i Verdensrommet (såg du konserten under Vill Vill Vest?!). Men Andreas har mange sider, som blir avdekt ei etter ei om dagen. Både gjennom Verdensrommet, som har endt i ei finurleg deilig blanding av indie, jazz, hip hop og elektronisk musikk, saman med Emir Sushi, og solo. Me har spurt om å få vera fluge på veggen i studioet, som me i høve klangkvelden er flytta til Viccen.

Mato Grytten
I tillegg til å vera produsentane bak the Hester V75 beats, har Mathias Olaussen og David Grytten blitt velkjente partyfixers bak DJ-pulten. I tillegg til rapbangarar og anna basstung musikk som får sveitten til å renna på dansegolvet, har visst gutane også ein ting for musikk som inkluderer gitar og blaut vokal. Trur me. Klangkvelden will show!

Dørene opnar 19:00
Kalaset kostar 80 peng
Facebook-hending

Nysignering: Velkommen i Klangkollektivet, Elida Høgalmen!

Med si insisterande og undrande stemme, melankolske univers og utforskande band fanga Elida oss under Vill Vill Vest. Me er stolte over å kunne presentere Elida m/ band som del av Klangkollektivet, og gler oss til utgiving seinare i haust!

elida Høgalmen foto-per-elling-kobberstad-mindre-crop

Gjennom dissonerande vokalharmoniar byggast ein stille intensitet opp. Med eit utforskande band i ryggen skapast spanande komposisjonar og grasiøse melodilinjer som løftar Elida sitt særeigne vokaluttrykk, og gir oss fengslande oppturar med gåsehud.

Første singel vart spelt inn i Klangkollektivet Studio på Bergen Kjøtt sist helg, og kjem ut i løpet av hausten. I mellomtida kan du nyte herlege lo-fi soveromsinnspelingar på Soundcloud!

Elida på Soundcloud
Elida på Facebook