Lumikide på Vill Vill Vest: «Det neste store fra Bergen»

Lumikide Vill Vill Vest Klangkollektivet Foto: Bergensmagasinet/ Øyvind Toft

«Midt under Lumikides konsert på Hulen fredag ble det helt stille. Publikum og bandet forsvant, i stedet kom det frem et svært troll fra urskogen i Os. «No skjer da igjen» var budskapet» skriv eit begeistra Bergensmagasinet etter Lumikides Vill Vill Vest-konsert, som rett og slett kallar popkvartettet «det neste store frå Bergen».

Les meldinga av konserten her

– Folk er så flinke til å jobbe sammen og inkludere hverandre i miljøet. Jeg liker veldig godt å bo her. Også er det det med Vill Vill Vest, at det skjer sånne ting, det er helt fantastisk. Da får flere sjansen til å komme opp og frem.
Birgitta i intervju i Utetrend

Bildegalleri på GAFFA

Takk for i år, Vill Vill Vest, me gler oss allereie til neste år!

Lumikide «Tornado»: ny singel frå den lovande popkvartetten

Ei veka før dei entrar scena på Bergens nye showcase-festival, Vill Vill Vest, slepper Lumikide singelen «Tornado» – «et slags fuck you til en teit gutt som ikke skjønner at du ikke vil ha ham». 

Frå det sarte og skjøre til det impulsive og nesten aggressive, med Kate Bush-vibber og fortryllande synthmelodiar, fangar Lumikide oss igjen med ny låt. Den andre singelen frå kvartettens komande debutalbum gir oss nok ein grunn til å sjå fram til fullengdaren, med utgivingsdato lagt til februar 2017.

«Vi ville rendyrke groove-elemetet i låta, med få og gjentakende elementer som sammen bygger opp en skummel uværssky av en groove, og lande i et eksplosjon av et refreng som griper fatt i deg og forhåpentligvis knuser alle forsvarsverk; I am a tornado / Uprooting your ego»
– Martin Miguel Almagro Tonne, låtskrivar og gitarist

Bergens nye stoltheit Vill Vill Vest går av stabelen 15. og 16. september, og presenterer 48 artistar på 9 av byens beste scenar. Lumikide spelar fredagen, kl 22:30 på Hulen. I tillegg til konsertprogrammet, står interesseorganisasjonen Brak for eit imponerande seminarprogram på dagtid. Me gler oss til å ta i mot norske og internasjonale delegatar i Noregs musikkhovudstad – og ikkje minst eit stort heimepublikum rundt på dei beste spelestadene i byen!

«Tornado» på Tidal / Spotify
Musikkvideo «Golden» frå i sommar
Lumikide på Facebook

Lumikide på Vill Vill Vest Facebook-event

 

De Underjordiske – album ute no!

De Underjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

DeUnderjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

De Underjordiske «Ind I Flammerne» ute no!

Fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av ein av Danmarks mest karakteristiske vokalistar har gitt De Underjordiske ein pangstart i heimlandet. Albumet ligg for tida på 2.plass på dansk vinyltopp – berre slått av Bowie. Etter å ha sett dei på Roskilde saman med 6000 andre i sommar, var det klart; dette måtte Noreg få oppleva.

Fortsett å lese «De Underjordiske – album ute no!»

De Underjordiske – singel og norgesturné

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis Klangkollektivet

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis

Singel i dag, album i mars og turné i april!

Deira heilt eiga tolking av psykedelisk rock – fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av vokalist Peter Kure sin karakteristiske vokal – har sendt De Underjordiske med rakettfart opp på den danske musikkhimmelen. No er første singel ute, og me har ei rekkje konsertar å by på i april!

Fortsett å lese «De Underjordiske – singel og norgesturné»

Krachmacher: Klangkollektivets første 7″ lansert!

Vår første 7-tommar er endeleg ute! Krachmacher står med si første utgiving sidan debutalbumet «Paratroopers» i 2012 i hendene. Fredag 15. august kom dobbeltsingelen «Flamingo/ Life Is Blood» ut. Dagen markerast med storslagen sleppfest på Bergen Kjøtt, med gjesteopptredenar frå blant anna Carte Blanche, The Megaphonic Thrift og Hypertext.

Fortsett å lese «Krachmacher: Klangkollektivets første 7″ lansert!»

Klangkollektivet – 1 år!

Klangkollektivet og Ekko presenterer:

Det er no berre eitt år sidan me opna dørene på Østre og ønska velkommen til første smakebit av prosjektet, Klangkollektivet. Byens nye storstove for alternativ musikk og kunst var den perfekte arena for kvelden. Så no er me her igjen! Eitt år etter har det skjedd mykje: sju album og ein EP er allereie ute på vinyl og i den digitale skya. Band er sendt på turné i inn- og utland, og fleire land står for tur.

Det er også noko med Noreg-Danmark, Bergen-Århus. Allereie før me lanserte i fjor, prata me med gode folk i utlandet. Det er difor naturleg å invitere opp eit spanande namn frå vårt naboland Danmark. Møt våre danske vener, lokale kjenningar i kollektivet, ein ny DJ-duo, vår faste lydteknikar Michael og fantastisk sprøe VJ BN. Velkommen til ny Klangkveld og bursdagsfeiring på Østre, fredag 29. november!

Hypertext /// Línt /// Gjester: Waldo & Marsha (DK) /// DJs: Admir & Alisa

Dørene opnar 21:00 /// Konsertstart 21:30 /// Inngong: 120,- (billettsal i dør) /// Design: Overhaus/ Robert Høyem

WALDO & MARSHA
More is more – mektig shoegazepop frå 8 unge danske menn

Dette unge, danske åttemannsorkesteret har dei siste åra florert i undergrunnen av dansk musikkmiljø. Då deira debutalbum kom ut tidlegare i år, vart det hylla i dei største danske mediene; dansk musikkframtid er lys, her kjem ungdommen! Med musikalske lenker til ”den eldre garde” som Cocteau Twins, The Beach Boys og The Flaming Lips serverer bandet ein mektig lydvegg av støyande shoegazepop med sine svevande gitarar og 80-tals synthar. Dei har også fått med seg den danske diskokongen Vinnie Who på låta «Canals», og me får vibber av våre danske heltar i Mew over oss. Den dejlige, suggerande driven Waldo & Marsha tilfører støyande psykedelisk pop har truffe oss midt i hjarterota, og det er på tide at også Bergen får sett desse danskane live.

«Det må kandidere til et af forårets nævneværdige musikalske højdepunkter» – Gaffa Danmark (5/6)

W&M 8 portrett

[soundcloud url=»https://api.soundcloud.com/tracks/88402546″ params=»color=ff6600&auto_play=false&font=Georgia&player_type=tiny» width=»100%» height=»18″ iframe=»false» /]

 

HYPERTEXT
Bergen har mykje å takka Haugesund for. På starten av 2000-talet fann den eine haugesundaren etter den andre det godt å flytta nordover, til Bergen, for å dyrka sitt musikalske virke. Slik har det oppstått eit nesten eige miljø i Bergen, og frå dette dukka kvartetten Hypertext opp i 2006. Det tok ikkje lang tid før den vaks til ein sekstett, som har hatt medlem frå både Casiokids, The Gin and Tonic Youth, Susanne Sundfør og Electric Eye med i konstellasjonen. Hypertext har i løpet av sine leveår lånt frå mange ulike sjangrar og veksla mellom både krautrock, støy, shoegaze og pop. Vokalane følgjer instrumenta tett, gir eit saumlaust lydbilete, og resulterer i eit leikent og dynamisk uttrykk som fryder å lytte til. Det har nærast blitt tradisjon at sekstetten annonserer sin musikalske ståstad med albumtittelen, seinast i vår med tredjeplata «Progmatisme». Bandet er aktive i utlandet, og har spelt på bl.a Spot-festivalen i Århus.

SONY DSC

[soundcloud url=»https://api.soundcloud.com/tracks/70732995″ params=»color=ff6600&auto_play=false&font=Georgia&player_type=tiny» width=»100%» height=»18″ iframe=»false» /]

 

LÍNT
Den unge gjengen i Línt leverer framifrå komposisjonar i skjæringspunktet mellom post- og støyrock, med fokus på utfordrande låtar som er melodiske og dvelande på same tid. Storarta konsertar og nydelege låtar har nok mykja av skylda for den velfortente merksemda gjengen har fått siste halvanna året. Kvintetten eksperimenterer fritt med postrock-sjangeren; Gitarbaserte melodiar legg grunnlaget, medan musikken karakteriserast av dynamiske kontrastar som inneheld både symfoniske og avantgardistiske element. Alt pakkast inn i draumande og suggerande komposisjonar som byggjer seg opp til mektige lydlandskap. Inspirasjon hentar dei frå store namn som Godspeed You! Black Emperor, Mogwai og Sigur Rós – men kvintetten beveger seg ofte langt bort frå sine inspirasjonskjelder, i retning av ukjende landskap. «Línt EP» vart sluppen på 12’ vinyl mai i vår, og er spelt inn i Greener Productions (Dråpe, Angelica’s Elegy).

Lint_FOTO_Adrian_Nielsen-24-crop

[soundcloud url=»https://api.soundcloud.com/tracks/89707535″ params=»color=ff6600&auto_play=false&font=Georgia&player_type=tiny» width=»100%» height=»18″ iframe=»false» /]

 

ADMIR & ALISA
Etter mange år med forbipassering, heller tilfeldige møter og seine nattestimar med musikkprat, har Admir & Alisa frå Ekko-DJs-familien (då under dei meir eller mindre pretensiøse namna Admir Kenan og Unge Lovende Larsen) funne tonen over miksebordet. Dei forlét det trygge Ekko-landskapet og spelar meir rocka favorittar frå platesamlinga. Som Admir sjølv seier det: ”Indie, råkk, pop, new wave, minimal wave, post-punk, alternativ elektronisk musikk og whatnot. Tenk Led Zeppelin møter Nicolas Jaar, tenk Grimes møter Joy Division. Me stiller med opent sinn og håpar du får det gøy! C’est La vie!”

poster_trykk

Design: Overhaus / Robert Høyem

 

«Lovecult» ute på vinyl og digitalt

936003_557192164336763_1819905422_nLovecult – Lovecult

Release: 18.10 / Format: vinyl & digital

Endeleg er debutalbumet til Lovecult ute i både fysisk og digitalt opplag, du finn plata hos din lokale plateforhandlar og på dei ulike digitale musikktenestene.

KJØP VINYL/CD HER:

PLATEKOMPANIET

 

DIGITALE TENESTER:

WiMP / SPOTIFY / iTUNES

 

GAFFA har anmeldt albumet, og er godt fornøyd med resultatet:

«Daydreaming og Lou’s Gun står begge frem som melodiøse og solide spor med drivende basslinjer i bunn. Mens den todelte og massive avslutningen Strangers er deilig tung å fordøye med sin perkusjonsdrevne intro og langdryge, nærmest hypnotiserende, oppbygging.»

Meir info:

Med forførande og suggerande driv har Lovecult vore eit namn som har bobla lenge i undergrunnen i både Bergen og Oslo. Lovecult sitt musikalske uttrykk er lågmælt, men samstundes djupt hypnotiserande.

Lovecult fokuserer gjerne på dei enkle strukturane i låtskrivinga, men dristig instrumentering og sterke melodilinjer bidrar til å farge det unike og fengslande lydbiletet. Vokalen framkallar mystiske assosiasjonar og tar oss til ein underjordisk sfære.

Debutalbumet «Lovecult» er spelt inn hjå Emil Nikolaisen, med Ådne Meisfjord som produsent. Albumet er miksa av medlem av The Dandy Warhols, Spacemen 3 i tillegg til Emil Nikolaisen.

«Progmatism» ute på LP/digitalt

SONY DSC

Release: Fredag 19. april /  Format: Vinyl & digitalt /  Katalognr.: Klang 012 /  Distro: Musikkoperatørene

Hypertext har i løpet av sine leveår lånt frå mange ulike sjangrar, og veksla mellom både krautrock, støy, shoegaze og pop. Det har nærast blitt tradisjon at sekstetten annonserer sin musikalske ståstad med albumtittelen, no når Hypertext døyper sin nye retning. I følgje Wikipedia er progmatisme ei retning innaføre populær progmusikk som ”baserer seg på prinsippet om at brukbarheten, anvendbarheten og praktiserbarheten av riff, rytmer og flerstemt vokalharmonier er kriteriene de skal måles med…».

Fredag 19. april slepp Hypertext enedeleg sitt tredje studioalbum «Progmatism» på Klangkollektivet:

VINYL:

DIGITALT:

Releaskonsertar

Hypertext skal også ut på vegen med den nye plata. Første konsert blir i Trondheim, på Brukbar torsdag 25. april. Veka etter blir det releasefest på Kvarteret i Bergen, torsdag 2. mai. Medan neste stopp blir på John Dee i Oslo saman med Bow To Each Other, onsdag 15. mai. Følg med på konsertkalenderen vår eller på Facebook for konsertoppdateringar!