«Det bruse forbi me» ute på LP/digitalt

 

Foto: Kim Kvalheim
Foto: Kim Kvalheim

Ekkolodd er endeleg ute med sitt debutalbum på vinyl og digitalt! «Det bruse forbi me» er eit resultatet av to år med jobbing og finpussing, av det som gradvis har blitt og framleis utviklar seg til Ekkolodd sitt musikalske uttrykk. Ekkolodd var ein av fem finalistar i årets Urørtfinale med singelen «Perler». I tillegg var bandet booka til by:Larm i februar. Vi minnar også om minikonsert hos Apollon fredag 22. mars, kl. 19.00!

Dagsavisen – 5/6 / Bergensavisen – 5/6 / Bergens Tidende

VINYL:

DIGITALT:

Sleppfest på Østre

For å feire albumsleppet inviterer Klangkollektivet, New Kicks Booking og Ekkolodd til sleppfest på Østre saman med Dagens Ungdom og flotte DJ’s, fredag 5. april.

 

Undervannspop og tekstar på Gudbrandsdalsdialekt:
På dei åtte spora på albumet kombinerer Ekkolodd flytande melodiar med spesiell og intrikat rytmikk. Drivande rytmar frå trommeslagar Jarle Håland og stødig bassing frå Andreas Naustdal legg eit solid og dynamisk grunnlag, medan Øyvind Aase Fluge og Mats Halvorsen bidreg aktivt med sine klangfulle gitarspor og behagelege pedalsteel-tonar. Daniel Reichelts mjuke synthar og piano framhevar på si side dei progressive elementa og symfoniske instrumentalpartia.

Vokalist og gitarist Kim Morgan Morken sin uvanlege bruk av Gudbrandsdals-dialekt er også sentral i Ekkolodds uttrykk. Tematikken i tekstane er gjennomgåande og omhandlar alt frå hemningar og livsangst, til framandgjøring og døden. Om det som ein i tryggleik kjenner, og om det som bruser forbi ein. Vinteren og havet vert ofte brukt som sentrale bakgrunnstema for tekstane, og Morken har blant anna latt seg inspirere av diktinga til norske forfattarar som Olaf Bull og Sigbjørn Obstfelder i tekstarbeidet.

Arbeidet med «Det bruse forbi me» har vore ein lang og tidkrevjande prosess for bandet. Låtskriving, innspeling og miksing er alt saman utført av Ekkolodd i deira eige studio på Bergen Kjøtt. Med produsentduoen Mats Halvorsen og Jarle Håland i spissen. Derfor har det også blitt ei svært personleg plate, der bandet sin identitet og sound er framtredande i alle delar av produksjonen. Nokre låtar ligg nærare klassisk indiepop, medan andre bevegar seg i meir progressive og jazzinspirerte landskap. Sjølv om «Dykkerklokke»-sporet vart spelt inn for over to år sidan har plata eit samlande uttrykk, men ein kan også merke at både Ekkolodd og musikken har modna gjennom innspelingsperioden.

 

 

Singel og musikkvideo frå Electric Eye

electriceye6 2 kopi

Electric Eye slepp sin fyrste singel og ny musikkvideo fredag 1. mars. «Tangerine» er henta frå den komande debutplata «Pick up, Lift off, Space, Time», som er ute 5. april.

På kort tid har ryktet om Electric Eye sin musikalske fortreffelighet også nådd utenlandske aktørar. «Pick up, Lift off, Space, Time» vert trykkt opp i et begrensa, nummerert opplag og gis ut av Klangkollektivet i Norge. Londonbaserte og anerkjente Fuzz Club Records gjer ut plata i UK og distribuerer den videre ut til Europa og USA.

Bandet ledes av Øystein Braut (Alexandria Quartet, Dig Deeper), og med seg på laget har han eit solid mannskap beståande av: Njål Clementsen (Megaphonic Thrift, The Low Frequency in Stereo), Anders Bjelland (Hypertext) og Øyvind Hegg-Lunde (jazz/noise/drone-trommis, Building Instrument).

Høyr låta på WiMP, Spotify, iTunes eller Soundcloud.

Sjekk ut musikkvideo til «Tangerine» her

Om Electric Eye:

Den kraut-inspirerte singelen «Tangerine» er ein rein oppvisning i dynamikk og monotoni. Låten, som byrjar med klangen av sitarer og droneinstrumentet tanpura, endar opp i ein kakofoni av klang, bongotrommer kjørt gjennom Roland Space Echo, skrikande orgel og tremologitarar.

Electric Eye føyer seg inn i ein sterk, norsk tradisjon for psykedelia. Både Kåre & The Cavemens instrumental-rock frå Long Day’s Flight ’till Tomorrow, Serena Maneeshs shoegaze og The Low Frequency in Stereos postrock-månetitting kan brukast som referansar. Også Motorpsychos lange, oppbyggande låtstrukturar frå f.eks Trust Us kan ein skimte konturane av. Mens den norske psykedeliascenen i hovudsak har gått i retning av å forsøke å perfeksjonere shoegaze-stilen, tar Electric Eye ein noko annerledes retning. Det er meir blues, mindre hviskende vokal; meir attitude.

 

«Spacesuits, On!»- Ute på 2xLP og digitalt

Design: Robert Høyem (Trykk på bildet for å sjå omsaget i fullt format)
Design: Robert Høyem (Trykk på bildet for å sjå omsaget i fullt format)

Då er dagen her! Tidenes fyrste albumutgiving på Klangkollektivet er eit faktum, dette har vi verkeleg jobba hardt for å få til og no gledar vi oss berre til å vise fram resultatet.

Monstereo si debutplate «Spacesuits, On!»  måtte gis ut på dobbel vinyl for å romme materialet spacerockarane sat inne på, og både musikken og designet kjem verkeleg til sin rett i vinylformatet. Så kom deg til di lokale platesjappe, bestill den på nett eller strømm den rundt omkring. Husk også minikonsert og plateslepp på Apollon i Bergen, kl. 19.00 fredag 22. februar.

Bestill vinylen her:

Digitalt:

 

Monstereo på scena

Dei komande månadane er det også mogleg å oppleve Monstereo live på ulike kantar av landet. I Bergen vert det minikonsert på Apollon i forbindelse med platesleppet 22. februar, samt stor releasefest på Hulen 8. mars. Monstereo skal også ut på turné saman med labelkameratane Ekkolodd i løpet av våren.

 

Om utgivinga:

Det konseptuelle albumet inneheld fem sterke spor som står trygt på eigenhånd, samtidig som dei bidrar til eit heilskapleg og distinkte lydbilete. Musikalsk finn ein element som både fenger og overraskar lyttaren, med solide melodilinjer og spacerock som bryt over i meir udefinerbare støyparti. Opningssporet «Nebula» kryp over 20 minuttarsmerket, og tek det vidare med innlagde, tidvis mørke, pustepausar.

Monstereo tek gjerne utgangspunkt i eit bestemt riff eller tema når dei spelar saman, men samstundes har dei oftast ingen ide om kvar dei endar opp på den andre sida. Lite var difor sett i stein då Monstereo entra studio i august. For å få fram dette dynamiske samspelet er store delar av albumet spelt inn live i studio. For Monstereo handla det om fanga det som skjedde der og då, og foreviga det. Dei lengre instrumentalpartia ein høyrer i låtar som blant anna «Dead Space» er improvisert og jamma fram i studio, med referansar til både klassisk psykedelia og nyare postrock. 

«Spacesuits, On!» er spelt inn i Lydriket i Bergen, saman med bandets faste samarbeidspartnarar, produsentduoen Jarle Håland og Mats Halvorsen frå Ekkolodd bak studiospakane. Den er miksa i same studio av Erlend Fauske, og mastra av Jørgen Træen i Duper. Omslaget er teikna for hand av Klangkollektivet sin eigen husdesignar, Robert Høyem

Klangkollektivet på by:Larm

Klangkollektivet inviterer til labelnight på Tilt under by:Larm, torsdag 14. februar kl. 18:00.

Då  tek vi turen vi over fjellet til hovudstaden, for å vise fram noko av det beste og mest spanande Bergens musikalske undergrunn har å by på om dagen. Vi inviterer til fest og konsertar med fire av våre artistar, der Monstereo, Electric Eye og Línt alle er aktuelle med utgivingar i løpet av dei komande månadane. Så kom innom Tilt denne kvelden, for ein forsmak på platevåren til Klangkollektivet.

Meld deg på Facebook-eventen her.

 

KLANGKOLLEKTIVET PRESENTERER:
18:00 – Línt
18:45 – Electric Eye
19:30 – Monstereo
20:15 – Krachmacher

DJ Sten Ove Toft

GRATIS INNGONG!

 

Vi vil sjølvsagt også oppfordra alle til å sjekke ut Ekkolodd under årets by:Larm, der dei spelar på følgande stader og tidspunkt:

Fredag 15.02 / Revolver / Kl. 00:30
Lørdag 16.02 / John Dee / Kl. 22:00

Singelbonanza: Hypertext – Skyhook

Hypertext er allereie klar med singel nummer to i 2013. Dette blir bandets siste utgiving før det tredje studioalbumet kjem ut i midten av april.

«Skyhook» vidarefører soundet frå sekstettens forrige singel, «The Paradox Decides», med tunge, melodiøse synthlinjer og forførande, fleirstemte vokalprestasjonar. Men låta har også eit meir lystig preg med tydelege referansar til bandets patenterte og eigenarta sjanger, astronaut kraut. Dette singelsleppt markerer også slutten på Hypertext sitt omfattande singelbonanza, der bandet har gitt ut ei rekkje låtar i 2012 og starten av det inneverande året. Gjennom prosjektet har dei samarbeida tett med designaren Sanda Zahirovic, som står bak omslaga til alle utgivingane. Inkludert ubåten ovanfor. Ei komplett samling av låtane finn du blant anna på Hypertext sin Soundcloud-profil.

Høyr «Skyhook» under, eller kjøp den på iTunes:

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/70732995″ params=»» width=» 80%» height=»166″ iframe=»true» /]

 

Tyskland og Belgia

I slutten av denne veka reiser Hypertext nedover til Europa for og gjere to konsertar i Tyskland og Belgia, på Emo i Essen 8. februar og Madame Moustache i Brussel 9. februar. Nye turnédatoar i Norge blir bekrefta i desse dagar, og for å markere platesleppet i april vert det storslagen releasefest på Kvarteret i Bergen, torsdag 2. mai.

Monstereo – Spacesuits, On! – Hør ny singel her

Design: Robert Høyem (Trykk på bildet for å sjå omsaget i fullt format)

Om under ein månad er Bergenskvartetten Monstereo sitt debutalbum endeleg i butikken. Singelen «Silver Lines» er fyrste smakebit ut.

«Spacesuits, On!» er tidenes fyrste albumutgiving på Klangkollektivet! Dobbel vinyl måtte til for å romme materialet spacerockarane sat inne på, og fredag 22. februar sleppes det for publikum. På den ferske singelen tar bandet deg med på ei reise, der dei gjennom åtte minutt utforskar ulike musikalske retningar og innfallsvinklar. Her finn ein element som både fenger og utfordrar lyttaren, med solide melodilinjer som bryt over i heftige støyparti.

– «Silver Lines» er ein god introduksjon inn i verda til Monstereo, men samstundes viser den berre ein brøkdel av det vi kan by på. På «Spacesuits, On!» foreinar vi dei unike sidene ved bandet, og gir publikum ei totaloppleving, seier Ola Utaaker Segadal, bandets vokalist og gitarist.

Hør og del «Silver Lines» her: WiMP, iTunes, Spotify eller Soundcloud.

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/71225383″ params=»» width=» 100%» height=»166″ iframe=»true» /]

 

Det konseptuelle albumet inneheld fem sterke spor som står støtt på eigenhand, men som kvar for seg også bidrar til den større heilheita. Musikken er spelt inn i Lydriket i Bergen, med Mats Halvorsen og Jarle Håland frå Ekkolodd som produsentar, bandets faste samarbeidspartnarar bak studiospakane.Vidare er det miksa av Erlend Fauske og mastra av Jørgen Træen i Duper. Det utanomjordiske omslaget er for øvrig teikna for hand av Klangkollektivets husdesignar, Robert Høyem.

Monstereo på scena

Dei komande månadane er det også mogleg å oppleve Monstereo live på ulike kantar av landet, blant anna på Klangkollektivets showcase under by:Larm. I Bergen blir det minikonsert på Apollon i forbindelse med platesleppet 22. februar, samt stor releasefest på Hulen 8. mars. Monstereo skal også ut på turné saman med labelkameratane Ekkolodd i april månad.

Følg med her eller på Facebook og Twitter for fleire nyheiter om Monstereo sine utgivingar, konsertar osv.

Ekkolodd i Urørtfinalen og ute med ny singel

Foto: Kim Kvalheim

Ekkolodd er klare for årets Urørtfinale, det feirar Klangkollektivet sjølvsagt med ny singel. «Perler» er no tilgjengeleg på WiMP, Spotify og iTunes.

Ekkolodd er einaste Bergensband i finalen, og skal saman med fire andre artistar frå resten av landet kjempa om tittelen: «Årets Urørt». «Perler» og dei andre finalelåtane er no A-lista på NRK P3, fram til ein får høyre dei live på finalen i februar. Ekkolodds patenterte undervannspop er med andre ord definitivt på veg til overflata og vidare ut på radiobølgjene. Sjølve finalen finn stad på Studentersamfundet i Trondheim 6. februar, sendinga vert også kringkasta direkte på NRK3.

Spotify, WiMP og iTunes finn du «Perler» saman med to eksklusive remiksar av Baukhol og Foreground Set. Anbefalast!

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/73904291″ params=»» width=» 100%» height=»166″ iframe=»true» /]

 

by:Larm og debutalbum

Ekkolodd er bekrefta til by:Larm i Oslo og bandet skal gjere fleire konsertar under bransjefestivalen. Sjå by:Larm-programmet for meir informasjon om spelestader- og tider. Den nye singelen, «Perler», finn du sjølvsagt også på Ekkolodd si komande debutplate. «Det bruse forbi me» blir Klangkollektivets andre albumutgiving, med sleppdato fredag 22. mars. Albumet er spelt inn og miksa av Ekkolodd på ekte gjer-det-sjølv-vis. I studioet på Bergen Kjøtt har bandet lagt ned utallige arbeidstimar, og resultatet er absolutt verdt å vente på. Men fyrst skal altså Urørtfinalen og by:Larm få sjå og høyre kva Ekkolodd har å by på.

Følg med denne sida eller på Ekkolodd sine Facebook og Twitter-sider for fleire oppdateringar og nye turnedatoar.

Ny singel frå Hypertext!

Design: Sanda Zahirovic

Hypertext startar 2013 med å gi ut sin fyrste singel på Klangkollektivet. «The Paradox Decides» er i dag tilgjengeleg på Spotify, WiMP, iTunes og ande digitale musikktenester.

Dette fyrste singelsleppet er berre eitt av Hypertext sine mange prosjekt for det komande året. I midten av februar legg bandet ut på Europaturné, som blant anna svingar innom Slovakia og Kroatia på vegen. Singelen er også ein forsmak på Hypertext sitt tredje studioalbum, som kjem i april. For å markere platesleppet vert det også turné i Norge, med stor releasefest på Kvarteret i Bergen, torsdag 2. mai.

Du kan også høyre The Paradox Decides på Soundcloud no, og del den gjerne videre!

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/70691957″ params=»» width=» 100%» height=»166″ iframe=»true» /]

 

Her er nokre ord frå bandet om det forholdsvis uortodokse arbeidet med låta:

«The Paradox Decides er eit produkt av rein eksperimentering i innspelingsstudioet, ikkje heilt ulikt konseptet bak fjernsynsprogrammet «Dating i mørket». Vi vart ført inn i studio med bind for augo, songen vart så spelt inn utan tekniske fordelar som høyretelefoner og syn. Ingen av dei involverte visste eksakt kva instrument dei skulle traktere, eller for den saks skuld, kva dei skulle spele. Følgjeleg er musikken komponert og basert på eit musikalsk instinkt, noko som gir seg til kjenne i både lydbilde og arrangement. Rett og slett».

Sjekk ut Hypertext på Facebook!

Relansering av Krachmacher og The Sweetest Thrill

The Sweetest Thrill – Jewellery

Klangkollektivet relanserer debutplatene til Krachmacher og The Sweetest Thrill! Dette er to strålande album som me  meiner fortener meir merksemd der ute. Me er veldig stolte over at begge banda har bestemd seg for å bli ein del av Klangkollektivet, og me vil no jobba for at fleire skal få høyre godlyden frå The Sweetest Thrill – Jewellery og Krachmacher – Paratrooper. Begge platene kom ut på det lokale Bergenslabelet Playdate Records tidlegare i år, men var lenge berre og finna på lokale platebutikkar her i byen. No blir derimot albuma gjort tilgjengelig gjennom distributøren vår, Voices Music & Entertainment AS (VME), frå og med mandag 17. desember.

Både Jewellery og Paratrooper er trykt opp på 12″ svart vinyl av beste sort, med eit eksklusivt opplag på 250 eksemplar. Omslaga er designa av Drid Machine, med nydeleg silketrykk og sirlige detaljar. Så dersom du er i beit for julegåver, har du no fått eit hett tips frå oss her i Klangkollektivet!

Ta kontakt med din lokale musikkforhandlar no for bestilling, eller høyr meir via lenkjene under her:

The Sweetest Thrill – Jewellery

1. Jewellery
2. Please Me
3. Oslo Disco
4. Indied
5. Two Hundred Times
6. Part Three Of Three Parts
7. Lo These Many Years

WiMP

Spotify

iTunes

 

Krachmacher – Paratrooper

1. White Days
2. Jaloux Jaloux
3. Karma
4. Mush Room
5. Large And Unbroken
6. Geil
7. Hymn Of Imperfection

WiMP

Spotify

iTunes

Ekkolodd i Alternativ Julekalender!

Foto: Kim Kvalheim

Alternativ Julekalender

Ekkolodd skjuler seg bak luke nummer 15 i årets Alternativ Julekalender. Der finn du ein strålande cover av Vazelina Bilopphøggers sin «Hem’Att Til Jul», i ein svevande og svingande versjon i velkjend Ekkolodd-stil. Eit perfekt lydsporet til alle julereisande, som kjempar seg fram gjennom snødrev, over fjell og innover djupe fjordarmar, på vei heim til jul. Her er ein kort tekst frå bandet om låta:

JULEHILSEN FRA EKKOLODD
Vi har valgt å covre Vazelina Bilopphøggers uforglemmelige juleklassiker fra Vazelinas Hjulkalender. Denne sangen minner oss om svunne tider, da noe av det viktigste ved julen var å sitte klistret til fjernsynet for å få med seg neste episode av årets julekalender. Lukten av julebakst kom smygende i underbevisstheten, fylte huset som en usynlig dis og var et umiskjennelig tegn på at den store dagen nå måtte nærme seg. En skal alltid forherlige julen, helst flere ganger i samme avsnitt…

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/67141723″ params=»» width=» 60%» height=»166″ iframe=»true» /]

 

by:Larm og fyrste konsert i Oslo

Ekkolodd er også bekrefta til neste års by:Larm, som vert arrangert i Oslo 13-16 februar. Stor stas for både bandet og ikkje minst for oss her i Klangkollektivet! For alle i hovudstaden som vil ha ein smakebit av bandet i levande live før den tid, anbefalar vi ein ta tur innom Lørdagsgodt på Cafe Mono, 15. desember kl. 18.00. Perfekt avkobling frå julehandelen, så får du garantert servert ein herleg liveversjon av julelåta over!