Få Klangnytt i innboksen og vinn T-skjorte!

Klangkollektivet t-skjorter

Meld deg på det hyggjelege nyheitsbrevet vårt, og bli med i trekninga av ei eksklusiv t-skjorte og anna knask frå Klangkollektivet. Alt du treng og gjere, er å registrere e-postadressa di i boksen til venstre på sida her, så er du med i konkurransen. Me finn ein eller fleire heldige vinnar(ar) i slutten av neste veke. Vinnarane vert kontakta via e-post.
I nyheitsbrevet får du blant anna siste nytt om Klangkollektivets aktivitetar: Komande konsertar og utgivingar frå våre artistar, samt moglegheit for eksklusive førehandslyttingar på nye album og singlar. Så her er det berre og hiva seg med!
Dersom nokon vil kjøpa t-skjorter, kan ein stikke innom Robotbutikken i Skostredet eller kontakta oss her.

Bilete frå lanseringsfesten

No kan du endeleg mimra litt frå den fantastiske lanseringsfesten for Klangkollektivet på Østre, 9. november. Vår eminente fotograf, Kim Kvalheim, var tilstade heile kvelden og fekk fanga alle konsertane gjennom linsa si. Me var tydelegvis gåvmilde med både scenerøyk og visuelle effektar på scena denne kvelden, men feiande flotte bileta vart det lell!
Sjekk ut bileta til Kim på Facebook-sida vår.

Electric Eye
Electric Eye
Monstereo
Monstereo

 

Lanseringsfest i Oslo

Electric Eye & Línt / Cafe Mono / Måndag 12. November

Nokre få dagar etter lanseringsfesten i Bergen, skal også publikum i hovudstaden få ein introduksjon i Klangkollektivets fasinerande verden. Måndag 12. november spelar nemleg både Electric Eye og Línt på Cafe Mono. Dette blir også begge bandas aller fyrste konsert i Oslo, så her gjeld det å vera på plass.

Mellombels kan du høyra deg opp på alle artistane våre i den nye samleplata, Klangkollektivet #1. Du finn den på Wimp, Spotify og andre digitale musikktenester, og du kan laste den ned her.


http://soundcloud.com/user2107872

http://www.cafemono.no/program/20121112-electric-eye/

Lanseringsfest på Østre

Smak på Bergens nye undergrunnsklang!

Bergen har lenge hatt godt rykte på seg som Norges musikkby og kvalitetsleverandør av nye bølgjer popmusikk. Av byens mange aktørar innaføre musikkmiljøet, har det lenge vore sakna ein aktør samlar og presenterer Bergen si alternative musikkscene. Som plateselskap, bookingbyrå og platestudio, vil Klangkollektivet jobba med å løfta fram undergrunnen, byens alternative lydar og framtidsklangar. Denne scena har lenge stått sterkt i Bergen og hatt ein fast tilskodarskare – endeleg har den også fått eit namn på seg.

I dagens jungel av artistar og sjangrar vil Klangkollektivet geleide deg gjennom noko av det beste byen har å by på av eksperimenterande popmusikk, frå eklektisk elektrokraut til drøymande undervasspop.

Denne kvelden på Østre får du servert ein smakebit av artistane tilknytt Klangkollektivet:

LíNT, ELECTRIC EYE, EKKOLODD, MONSTEREO OG HYPERTEXT