Nysignering: dansk import

DeUnderjordiske_Cisternerne_Foto_Jacob Hansen

Me har vore i Danmark og funne gull! Deira heilt eiga tolking av psykedelisk rock har sendt De Underjordiske med rakettfart opp på den danske musikkhimmelen og den internasjonale psych-scena. No signerer dei som første utanlandske band på Klangkollektivet, og kjem på besøk i desember.

De Underjordiske Klangkollektivet
De Underjordiske haldt releasekonsert i «Københavns Hulen» – Cisternerne i Søndermarken i København

Etter å ha opplevd dei saman med 5000 andre på Roskilde i sommar, og blitt dratt inn i deira univers, var det avgjort; dette må Noreg også få oppleve! Heilt sidan starten i 2012 har det vore ein draum å presentere liknande miljø som Klangkollektivet til Noreg, og valet på desse fall heilt naturleg – me har kjent dei sidan me starta opp.

Bryter språkbarriere
Innaføre sjangrar som pop, rock og hip hop er tekstar på morsmålet vel etablert, både i Noreg og Danmark. I den psykedeliske rocken derimot, har engelsken framleis godt fotfeste. De Underjordiske banar her veg for ei helt ny, samtidig retning av det psykedeliske uttrykket, og den slags banebrytarar trur me Noreg er modne for no.

Den nordfynske kvintett har berre to år bak seg som band, to av medlemmene har heller aldri spelt i band tidligare, men bandet vert allereie omtalt som «for modne til at indtage den lille Rising-scene» (regnsky.dk). De Underjordiske var det band som trakk desidert mest på Roskilde sin Rising-scene, og deira singel «Hvis Du Forstod» var den mest spelte låt på P6 Beat i september.

 

De Underjordiske hadde sin første norske konsert under Oslo Psych Fest i september, like etter at debutalbumet «Ind I Flammerne» kom ut til eit applauderande dansk kritikkorps. Me planlegg lansering her til lands i slutten av februar. Signeringa markerast på årets Klangkveld på Østre i Bergen 19. desember, som me i år lagar saman med våre vener i Maksimal. Der kjem også norsk-britiske Radio 9 og berlinbaserte DJ Fett Burger frå smått legendariske Sex Tags Mania.

De Underjordiske på Facebook
Meir om bandet på artistsida

De Underjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet
Debutalbumet «Ind I Flammerne» kjem i norske butikkar på nyåret

«De har sangene, melodierne, et fandens velspillende band og en af landets mest karakteristiske forsangere!»
– Bands of Tomorrow
«Dansk syrerock lever og har det godt. Den har muligvis aldrig haft det bedre.»
– Ekstra Bladet ??????
“Guitarerne gløder som flydende lava»
– Berlingske ??????
“Hamrende medrivende, ekstremt lytteværdigt, og bare dømt til at blive sat på repeat”
– Nordjyske ??????