Monstereo med ny singel og konsert på Hulen

monstereo-v2Monstereo med ny singel og konsert på Hulen 12. november.

Det har nærast blitt tradisjon for Monstereo å feire nytt materiale med konsert på Nord-Europas eldste rockeklubb. Valet falt difor naturleg når ny låt lanserast i november. Konserten på Hulen i Bergen vert kvartettens sin einaste konsert i haust, så her gjeld det å halda av datoen!

Høyr «The Last of Us» her:

TIDAL // SPOTIFY // iTUNES

Den fantastiske coverarten til singelen er som vanleg utført av Robert Høyem / Overhaus.

Februar 2013 debuterte bergensbandet Monstereo med albumet «Spacesuits, On!», som første utgivinga på det då nyoppstarta Klangkollektivet. Bandets andre fullengdar, «Bright Dark», kom ut i oktober 2014 og utforska både det lyse og det mørke, mest det lyse i det mørke, i sitt spacerock-landskap. Begge releasekonsertar trakk full hule og leverte ein live-energi me unner fleire å få med seg. Albumet viste på fleire måtar bandet fra ei meir direkte og tilgjengeleg side enn tidlegare, samtidig som ein kjenner att sterke, riffbaserte låtar med solid meloditeft frå førstealbumet. Sist gong me såg dei, var ned i nedstrippa studio session i sitt eige øvingslokale, Klangkollektivet Studio på Bergen Kjøtt – på Hulen lovar bandet meir trøkk enn nokon gong når dei feirar ny låt og inviterer deg med til feiringa.