Maksimal klangkveld på Østre

Maksimal Klangkveld

Så skjer det igjen! I år har me med Maksimal når me feirer bursdag og inviterer til årets Klangkveld på Østre. Vår danske nysignering De Underjordiske kjem, det gjer også norsk-britiske Radio 9 og Berlin-baserte DJ Fett Burger – og det blir oppsummering av musikkåret 2015. Full fest 19. desember – og du er invitert!

Maksimal-Klangkveld-Design-Johanne-Karlsrud

Den årlege klangkvelden på Østre har blitt tradisjon, sidan me lanserte kollektivet november 2012. Dette er kvelden me hyller konsertformatet, dansegolvet, den gode samtale, litt god kaffi og flaskeøl, video og fest! I år slår me oss saman med våre vener i Maksimal, og sørgjer for årets siste reale konsertkveld før jula ringer inn.

De Underjordiske Klangkollektivet

De Underjordiske
Deira heilt eiga tolking av psykedelisk rock har sendt De Underjordiske med rakettfart opp på den danske musikkhimmelen og den internasjonale psych-scena. Live leverer dei eit hypnotiserande show med Peter Kure sin karaktistiske vokal og særeigne framtreden i front. I sommar spelte dei for heile 5000 (!) ekstatiske Roskilde-publikummarar, og no står Noreg og Bergen for tur.
Høyr på Soundcloud
Musikkvideo «Under Skyggernes Kniv»
De Underjordiske på Facebook

Radio_9_Guro

Radio 9
Oslobaserte Radio 9 er et friskt pust i norsk musikklandskap. Den norsk-britiske trioen kombinerer nokre av dei mest energiske sjangrane som har oppsta?tt – nemleg punk, wave og krautrock. Det finst det for lite av! Med trommemaskinar, gitarar, effektpedalar og synth lagar dei flotte lydlandskap med stramme grooves. Inspirasjon frå tradisjonen som legendene Neu!, Cluster og Kraftwerk starta pa? 70-talet.
Høyr på BandCamp
Radio 9 på Facebook

 

dj-fett-burger

DJ Fett Burger
Fett Burger har utmerka seg som eine halvdelen av søskenparet bak eit av landets viktigaste plateselskap innaføre elektronisk musikk – Sex Tags. Selskapet har i over 10 a?r utgive kompromisslaus, klubborientert dansemusikk som har utfordra konvensjonar sa? vel som publikum. Burgeren sjølv har over a?ra blitt ein svært ettertrakta produsent og DJ, og har samarbeida med bautaer som Annie, Lauer og Telephones. Med polyrytmer, synkoper og plutselege taktskift svingar la?tane tilsynelatande utan kontroll, som gjer dansegolvet til ein real night out!
Høyr på Soundcloud
DJ Fett Burger på Facebook

Maksimal DJs
Dette teamet av musikkentusiastar kjem frå ei rekkje ulike miljø i Bergen. Dette kjem tydeleg fram i spelinga – elektronisk dansemusikk som høyrest både tidlaust og drøymande ut. Punk, wave, italo, proto-house, elektro, krautrock, disko og alt imellom. Musikken skal begeistra og utfordra publikum – frå gamle skattar til futuristiske hits, Maksimal DJs koker det heile saman til ei uforgløymeleg reise.
Maksimal på Facebook

Naboprat

Naboprat: Emilio (Nabovarsel) og Ørjan (BA) om musikken i 2015
Me startar kvelden på Østre med Naboprat live i førsteetasjen! Den sjangertrufaste lyttaren høyrer snart til historia, og det blir ei stadig større nøtt å forstå folks lyttemønster. Finst det heller eit klasseskille i norsk musikk, der aksen går mellom harry og bourgeois? Staysman & Lazz vs. Øyafestivalen, Kygo vs Susanne Sundfør? Det er også vill flørting mellom dei to ulike aksane, som igjen snakkar mot dette klasseskilje (Anna Ternheim covrer BSB og Justin Bieber blir anmeldt i Morgenbladet). Jammen skal me også innom eit nyord: er det Poptimisme som er vegen frametter for norsk musikkjournalistikk? Og kva er det eigentlig?
Nabovarsels eigen Emilio Sanhueza snakkar med Ørjan Nilsson frå BA, og saman vil dei gi ei slags oppsummering av musikkåret 2015 for oss.
Foto Stoff / Hans Sebastian Haram
Foto Stoff / Hans Sebastian Haram

 

Bad Vibes om psych
Christian Wiese og Ole Kristian Einarsen frå det nyoppstarta psych-labelet Bad Vibes om psykedelisk musikk, Bergen, De Underjordiske og good vibes.

Sidan det snart er jul, og laurdags kveld, disker me opp litt varm suppe til pratestunden. Velkommen til førjulsfest!