Lumikide «Tornado»: ny singel frå den lovande popkvartetten

Ei veka før dei entrar scena på Bergens nye showcase-festival, Vill Vill Vest, slepper Lumikide singelen «Tornado» – «et slags fuck you til en teit gutt som ikke skjønner at du ikke vil ha ham». 

Frå det sarte og skjøre til det impulsive og nesten aggressive, med Kate Bush-vibber og fortryllande synthmelodiar, fangar Lumikide oss igjen med ny låt. Den andre singelen frå kvartettens komande debutalbum gir oss nok ein grunn til å sjå fram til fullengdaren, med utgivingsdato lagt til februar 2017.

«Vi ville rendyrke groove-elemetet i låta, med få og gjentakende elementer som sammen bygger opp en skummel uværssky av en groove, og lande i et eksplosjon av et refreng som griper fatt i deg og forhåpentligvis knuser alle forsvarsverk; I am a tornado / Uprooting your ego»
– Martin Miguel Almagro Tonne, låtskrivar og gitarist

Bergens nye stoltheit Vill Vill Vest går av stabelen 15. og 16. september, og presenterer 48 artistar på 9 av byens beste scenar. Lumikide spelar fredagen, kl 22:30 på Hulen. I tillegg til konsertprogrammet, står interesseorganisasjonen Brak for eit imponerande seminarprogram på dagtid. Me gler oss til å ta i mot norske og internasjonale delegatar i Noregs musikkhovudstad – og ikkje minst eit stort heimepublikum rundt på dei beste spelestadene i byen!

«Tornado» på Tidal / Spotify
Musikkvideo «Golden» frå i sommar
Lumikide på Facebook

Lumikide på Vill Vill Vest Facebook-event