Lanseringsfest på Østre

Smak på Bergens nye undergrunnsklang!

Bergen har lenge hatt godt rykte på seg som Norges musikkby og kvalitetsleverandør av nye bølgjer popmusikk. Av byens mange aktørar innaføre musikkmiljøet, har det lenge vore sakna ein aktør samlar og presenterer Bergen si alternative musikkscene. Som plateselskap, bookingbyrå og platestudio, vil Klangkollektivet jobba med å løfta fram undergrunnen, byens alternative lydar og framtidsklangar. Denne scena har lenge stått sterkt i Bergen og hatt ein fast tilskodarskare – endeleg har den også fått eit namn på seg.

I dagens jungel av artistar og sjangrar vil Klangkollektivet geleide deg gjennom noko av det beste byen har å by på av eksperimenterande popmusikk, frå eklektisk elektrokraut til drøymande undervasspop.

Denne kvelden på Østre får du servert ein smakebit av artistane tilknytt Klangkollektivet:

LíNT, ELECTRIC EYE, EKKOLODD, MONSTEREO OG HYPERTEXT

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *