Klangkopp til vinylkaffien

Klangkoppane_JohanneKarlsrud_BEST

November betyr endeleg vinylkaffi på bordet att. Og i år får me jammen også skikkelege klangkoppar å drikke den frå! Snart hellast årets vinylkaffi i brennaren «Fru Petroncini» på Bergen Kaffebrenneri, og er klar for nummerering. Kaffien er klar til pop-up-butikkopning 20. november – og du kan reservere ditt favorittal!

Vår fascinasjon over kenyansk kaffi har ikkje avtatt, og i år presenterer me tredje kenyaner på rad: Kabingara. Lys, frisk og fruktig, ganske noko anna enn den beiske rockekaffien du får backstage. Me er superstolte over å saman med Bergen Kaffebrenneri presentere vinylkaffi #3, og gler oss til å distribuere ut i det ganske land. 

Kaffien frå Ngariama i Kenya, og er håndplukka 1684 moh. Den er vaska, som gjer kaffien frisk og rein i smaken. Bergen Kaffebrenneri tar rettferdig handel til nye høgder. Dei unngår fordyrande fairtrade-sertifisering og sørgjer sjølv, gjennom kaffiimportøren KAFFA/ The Collaborative Coffee Source, for rettvis handel og 100% sporing, når dei kjøper av småproduksjonsbønder gjennom transparente og lokale kaffiauksjonar.

Ekstra stolt er me over å kunne drikka byens beste kaffi frå byens kulaste koppar! Viss rulleband går som smurt og postgangen er i rute, har me koppane rykande ferske til pop-up i november. Det er vår faste designar Johanne Karlsrud som står bak designet, og det er klangartistane som har levert ord til Lydkoppen.

Vinylkaffi3_oransj_kvadrat

Både kaffien og koppane lanserast pop-up-helga 20.-22. november. Allereie no kan du reservera din lykkepose (alle kaffeposane er nummererte):

Reservér din favorittpose her
Bergen Kaffebrenneri på Facebook

Vinylkaffi3_oransj