Lanseringsfest i Oslo

Electric Eye & Línt / Cafe Mono / Måndag 12. November

Nokre få dagar etter lanseringsfesten i Bergen, skal også publikum i hovudstaden få ein introduksjon i Klangkollektivets fasinerande verden. Måndag 12. november spelar nemleg både Electric Eye og Línt på Cafe Mono. Dette blir også begge bandas aller fyrste konsert i Oslo, så her gjeld det å vera på plass.

Mellombels kan du høyra deg opp på alle artistane våre i den nye samleplata, Klangkollektivet #1. Du finn den på Wimp, Spotify og andre digitale musikktenester, og du kan laste den ned her.


http://soundcloud.com/user2107872

http://www.cafemono.no/program/20121112-electric-eye/

Lanseringsfest på Østre

Smak på Bergens nye undergrunnsklang!

Bergen har lenge hatt godt rykte på seg som Norges musikkby og kvalitetsleverandør av nye bølgjer popmusikk. Av byens mange aktørar innaføre musikkmiljøet, har det lenge vore sakna ein aktør samlar og presenterer Bergen si alternative musikkscene. Som plateselskap, bookingbyrå og platestudio, vil Klangkollektivet jobba med å løfta fram undergrunnen, byens alternative lydar og framtidsklangar. Denne scena har lenge stått sterkt i Bergen og hatt ein fast tilskodarskare – endeleg har den også fått eit namn på seg.

I dagens jungel av artistar og sjangrar vil Klangkollektivet geleide deg gjennom noko av det beste byen har å by på av eksperimenterande popmusikk, frå eklektisk elektrokraut til drøymande undervasspop.

Denne kvelden på Østre får du servert ein smakebit av artistane tilknytt Klangkollektivet:

LíNT, ELECTRIC EYE, EKKOLODD, MONSTEREO OG HYPERTEXT