De Underjordiske – singel og norgesturné

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis

Singel i dag, album i mars og turné i april!

Deira heilt eiga tolking av psykedelisk rock – fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av vokalist Peter Kure sin karakteristiske vokal – har sendt De Underjordiske med rakettfart opp på den danske musikkhimmelen. No er første singel ute, og me har ei rekkje konsertar å by på i april!

Vår første utanlandske utgiving nærmar seg, og singelen «Under Skyggernes Kniv» er no ute. Låta har blitt løfta opp av NRK P3 som Best akkurat nå – og førstesingelen «Hvis Du Forstod» har nettopp blitt lista på NRK P13. Danskane kjem!

Med tekstar på dansk, stakar De Underjordiske ny veg for psych-inspirert rock, og tekstane, som spinner rundt tema som frigjering, spiritualitet og kjærleik, rører ved noko heilt unikt i den nordiske folkesjela.

«Under Skyggernes Kniv» på Spotify
Musikkvideo «Under Skyggernes Kniv»
De Underjordiske på Facebook

Til Noreg i april
Skal me tru publikumsmottakinga på deira to konsertar til no her til lands (Oslo Psych Fest og Maksimal Klangkveld i Bergen), blir dette bandet å sjå mykje også her i nord frametter. Nokre utvalde byar får besøk like etter at årets Påskenøtter-sesong har gitt seg (Oslo-dato blir annonsert seinare):

Trondheim // Familien // 31. mars 

Bergen // Hulen // 01. april  Facebook-event // Billettar

Stavanger // Folken // Grottene 02. april 

DeUnderjordiske i Cisternerne. Foto Jacob Hansen. Klangkollektivet
DeUnderjordiske i Cisternerne. Foto; Jacob Hansen

«De har sangene, melodierne, et fandens velspillende band og en af landets mest karakteristiske forsangere!»
– Bands of Tomorrow ?????

«Dansk syrerock lever og har det godt. Den har muligvis aldrig haft det bedre […]. De lyder pissegodt, har en fed attitude og ikke mindst en excellent indpiskende trommeslager»
– Ekstra Bladet??????