De Underjordiske – Norgesturné april 2016

Etter å ha spelt Danmark opp og ned, kjem de danske drenge endeleg på ein liten norgesturné. 4 byar får besøk like etter påske – finn datoar og spelestader her!

De Underjordiske

Etter å ha opplevd dei saman med 6000 andre trollbundne festivalpublikummerar påRoskilde i sommar, og blitt dratt inn i deira univers, var det avgjort; dette må Noreg også få oppleve! Bandet har på kort tid opparbeida eit solid rykte som live-band, og definert lyden av dansk psych-rock anno 2015. Bandet er kjent for sine unike konsertar, som releasekonserten i Cisternerne i København, underjordiske grotter med 17 sekund naturleg ekko.

Skal me tru publikumsmottakinga på deira to konsertar til no her til lands (Oslo Psych Fest og Maksimal Klangkveld i Bergen), blir dette bandet å sjå mykje også her i nord frametter. I april får me besøk av de danske drenge;

Trondheim // Familien // 31. mars
Facebook-event // Billettar

Bergen // Hulen // 01. april
Facebook-event // Billettar

Stavanger // Folken // Grottene 02. april
Facebook-event // Billettar

Oslo // Blå // 09. april
Facebook-event // Billettar

De Underjordiske på Facebook // Live frå Eurosonic

«De har sangene, melodierne, et fandens velspillende band og en af landets mest karakteristiske forsangere!»
– Bands of Tomorrow ?????

«Hamrende medrivende, ekstremt lytteværdigt, og bare dømt til at blive sat på repeat»
Nordjyske ??????