De Underjordiske «Ind I Flammerne» 11. mars

DeUnderjordiske i Cisternerne. Foto Jacob Hansen. Klangkollektivet

Vår første utanlandske utgiving!

Etter opptreden for 5000 Roskilde-publikummarar i sommar, har danske De Underjordiske vore på alles lepper i vårt naboland det siste halve året. Fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av vokalist Peter Kure sin karakteristiske vokal, har tatt Danmark med storm. I mars lanserer me deira debutalbum «Ind I Flammerne» på vinyl og digitalt i Noreg.

DeUnderjordiske i Cisternerne. Foto Jacob Hansen. Klangkollektivet
DeUnderjordiske i Cisternerne. Foto; Jacob Hansen

 

17 sekund ekko

Med tekstar på dansk, stakar De Underjordiske ny veg for psych-inspirert rock, og tekstane, som spinner rundt tema som frigjering, spiritualitet og kjærleik, rører ved noko heilt unikt i den nordiske folkesjela. Bandet har på kort tid opparbeida eit solid rykte som live-band, og definert lyden av dansk psych-rock anno 2015. Bandet er kjent for sine unike konsertar, som releasekonserten i Cisternerne i København, underjordiske grotter med 17 sekund naturleg ekko.

Klangkollektivets første utanlandske signering

De Underjordiske haldt sin første norske konsert under Oslo Psych Fest i september i fjor, like etter at debutalbumet kom ut i heimlandet. Både denne, og konserten i Bergen i desember, var for nærmast fulle hus. Albumet lanserast i Noreg 11. mars, med påfølgjande konsertar i utvalde byar (turnédatoar sleppast i februar). Sidan starten har me hatt ambisjonar om å presentere liknande miljø i utlandet. Miljøet rundt Get Your Ass To Mars var lett gjenkjenneleg, og musikken slo oss med det same. Dette må til Noreg. Gled dykk!

DeUnderjordiske Ind I Flammerne Cover Ditte Løfgren Hagelskær
Cover: Ditte Løfgren Hagelskær

«De har sangene, melodierne, et fandens velspillende band og en af landets mest karakteristiske forsangere!»

– Bands of Tomorrow ?????

«Dansk syrerock lever og har det godt. Den har muligvis aldrig haft det bedre […]. De lyder pissegodt, har en fed attitude og ikke mindst en excellent indpiskende trommeslager»

– Ekstra Bladet??????

«Hamrende medrivende, ekstremt lytteværdigt, og bare dømt til at blive sat på repeat»

– Nordjyske ??????