De Underjordiske – album ute no!

DeUnderjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

De Underjordiske «Ind I Flammerne» ute no!

Fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av ein av Danmarks mest karakteristiske vokalistar har gitt De Underjordiske ein pangstart i heimlandet. Albumet ligg for tida på 2.plass på dansk vinyltopp – berre slått av Bowie. Etter å ha sett dei på Roskilde saman med 6000 andre i sommar, var det klart; dette måtte Noreg få oppleva.

Debutalbumet hausta rekkevis med gode kritikkar då det kom ut i Danmark i september, og opplaget på 500 vinylar selde ut på eitt par månadar. Nytt opplag har akkurat kome, og halvparten har blitt sendt til Noreg. Go grab it!

Singelen «Under Skyggernes Kniv» og «Hvis Du Forstod» har allereie fått god rundgang på norsk radio, og no kan du endeleg nyte det i sin heilskap, både fysisk og digitalt. Dei har blitt løfta opp av NRK P3 som Best akkurat nå, som best-of 2015 av Radio Nova, lista på P13 og hausta gode kritikkar. Ja, det er faktisk muleg. Dansk psych-rock har gjort inntog i Noreg.

Med tekstar på dansk, stakar De Underjordiske ny veg for psych-inspirert rock, og tekstane, som spinner rundt tema som frigjering, spiritualitet og kjærleik, rører ved noko heilt unikt i den nordiske folkesjela.

«Ind i Flammerne» på Tidal // Spotify // iTunes
Musikkvideo «Under Skyggernes Kniv»

Til Noreg i april
Skal me tru publikumsmottakinga på deira to konsertar til no her til lands (Oslo Psych Fest og Maksimal Klangkveld i Bergen), blir dette bandet å sjå mykje også her i nord frametter. I april kjem dei på norgesturné:

Trondheim // Familien // 31. mars Facebook-event

Bergen // Hulen // 01. april  Facebook-event // Billettar

Stavanger // Folken // Grottene 02. april Facebook-event // Billettar

Oslo // Blå // 09. april Facebook-event // Billettar

DeUnderjordiske i Cisternerne. Foto Jacob Hansen. Klangkollektivet
DeUnderjordiske i Cisternerne. Foto; Jacob Hansen

«De har sangene, melodierne, et fandens velspillende band og en af landets mest karakteristiske forsangere!»
– Bands of Tomorrow ?????

«Dansk syrerock lever og har det godt. Den har muligvis aldrig haft det bedre […]. De lyder pissegodt, har en fed attitude og ikke mindst en excellent indpiskende trommeslager»
– Ekstra Bladet??????