Årets Klanggåve!

A?rets Klangga?ve_oransj_Design: Johanne Karlsrud

Herleg kombinasjon til den kaffidrikkande musikkelskaren! Me har satt saman eit solid pakketilbod til jul: Ekkolodd sin kritikarroste «Javel, Ravel?» (som har allereie har endt i norskpensum på ungdomskulen!), årets Vinylkaffi og Klangkoppen. Klangpakken kostar 349,- og du finn den på Robotbutikken – eller i krambua på Maksimal Klangkveld!

Klanggåva har me pressa ned til 349,-, og du får du hos Robotbutikken, og i nettbutikken vår: klangkollektivet.thisisrobot.com.

Årets Klanggåve
Årets Klanggåve

Ekkolodd «Javel, Ravel?»
Bandet som introduserte det norske folk til «undervannspop», kom i januar med sin andre fullengdar, velprodusert psykedelisk pop med mørke, underfundige tekstar. På «Javel, Ravel?» kjem me lengre inn i vokalist Kim Morgan Morken sitt tekstunivers, som både omhandlar romantisering av å kvele nokon og om kvinnelege spelemaskinar i Fåvang. Frå undervannspop har bandet tatt sin særeigne sound til nye ytterpunkt, inspirert av filmmusikk, dataspel – og Ravel.
«Man havner kanskje ikke på VG-lista av å spille eksperimentell undervannspop. Men det gjør ingenting. Mange vil nok finne veien til deres magiske musikk-boble»
– Juliann Larsen / GAFFA

Vinylkaffi #3
For tredje år på rad presenterer me saman med Bergen Kaffebrenneri årets vinylkaffi, plukka i Kenya og brent på Møhlenpris. Samansatt, variert og av ypperste kvalitet. Me har funne den perfekte kaffi å nyte til ei god plate! Kabingara frå Kenya har mjuk og fyldig smak. Den er søt og har hint av både krydder, nektarin og appelsin. Passar til all type brygging, også kaldbrygg! Serverast med nyaste utgiving frå Klangkollektivet.

Klangkoppen & Lydkoppen
Perfekt til å servere vinylkaffien eller andre gode ting i! Takk til klangartistane for bidrag av lydord til Lydkoppen! Blant favorittane må nemnast Tjsåkk og Tssso (korleis talet 2 låter under lydsjekk i følgje Alexander von Mehren). Design av Johanne Karlsrud.