Lumikide «Tornado»: ny singel frå den lovande popkvartetten

Ei veka før dei entrar scena på Bergens nye showcase-festival, Vill Vill Vest, slepper Lumikide singelen «Tornado» – «et slags fuck you til en teit gutt som ikke skjønner at du ikke vil ha ham». 

Frå det sarte og skjøre til det impulsive og nesten aggressive, med Kate Bush-vibber og fortryllande synthmelodiar, fangar Lumikide oss igjen med ny låt. Den andre singelen frå kvartettens komande debutalbum gir oss nok ein grunn til å sjå fram til fullengdaren, med utgivingsdato lagt til februar 2017.

«Vi ville rendyrke groove-elemetet i låta, med få og gjentakende elementer som sammen bygger opp en skummel uværssky av en groove, og lande i et eksplosjon av et refreng som griper fatt i deg og forhåpentligvis knuser alle forsvarsverk; I am a tornado / Uprooting your ego»
– Martin Miguel Almagro Tonne, låtskrivar og gitarist

Bergens nye stoltheit Vill Vill Vest går av stabelen 15. og 16. september, og presenterer 48 artistar på 9 av byens beste scenar. Lumikide spelar fredagen, kl 22:30 på Hulen. I tillegg til konsertprogrammet, står interesseorganisasjonen Brak for eit imponerande seminarprogram på dagtid. Me gler oss til å ta i mot norske og internasjonale delegatar i Noregs musikkhovudstad – og ikkje minst eit stort heimepublikum rundt på dei beste spelestadene i byen!

«Tornado» på Tidal / Spotify
Musikkvideo «Golden» frå i sommar
Lumikide på Facebook

Lumikide på Vill Vill Vest Facebook-event

 

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , , , , , , , , | Skriv en kommentar

Línt signerer til Tyskland!

Etter sin første utanlandske konsert på Spot-festivalen i Århus, Danmark i april, vart Línt plukka opp av ein begeistra gjeng frå tyske Popup Records. Møtet ende i platekontrakt, PR- og bookingavtale for Tyskland, Sveits og Austerrike.

Foto: Magnus Haaland Sunde

2017 blir dermed eit år for kontinentutforsking for bandet, som albumdebuterte med kritikarroste «Then They Came For Us» i 2015. Det er dette som no skal distribuerast nedover Europa.

«Trips» er allereie handplukka av ei rekkje store radiokanalar i Tyskland. I oktober ventar verdspremiere på ny musikkvideo til singelen, og 11. november lanserast albumet i dei tyskspråklege land på kontinentet. Tidleg 2017 ventar turné i Tyskland, Sveits, Austerrike – og Danmark. Før bandet reiser frå Noreg, gir dei konsert for heimepublikummet på Hulen i Bergen 4. november.

«Storslått postrockperle! Det er massivt, helt uten frykt og en altoppslukende opplevelse»
– Bergens Tidende 08.05.15

«Beauty that is hard to express in words»
– Nothing But Hope And Passion 12.02.15

Kontaktinformasjon:
Booking Noreg: kristoffer(a)klangkollektivet.no
PR & Booking Danmark: solgunn(a)klangkollektivet.no
Booking Germany, Austria and Switzerland: christoph(a)popup-records.de
PR & label Germany, Austria and Switzerland: sebastian(a)popup-records.de

 

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , , , , | Skriv en kommentar

Lumikide og De Underjordiske på Klubb-Øya

Lumikide og De Underjordiske til Klubb-Øya

Tysdag sparkar ei rekkje klubbar i gong årets Øyafestivalen i Oslo. På Internasjonalen, som for anledningen har flytta scena ut på Youngstorget, får du oppleva både Lumikide (kl. 17.00) og De Underjordiske (DK)(kl. 19.00).

De danske drenge i De Underjordiske gav i vinter ut sitt debutalbum «Ind i Flammerne», etterfulgt at ein suksess av ein norgesturné i april. Lumikide har besøkt Tigerstaden under Klubb-Øya før, som den gong førte til klangsignering. Popkvartetten slepp sitt debutalbum tidleg 2017, som det knyt seg stor spenning til.

Sjåast i Oslo!
Facebook-event

 

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , , , , , | Skriv en kommentar

Lumikide «Golden»: singel ute 1.juni

Lumikide smyg seg inn i sommarsfæren med første singel frå debutalbumet. Den lovande popkvartetten serverer ein gyllen frisk sommarlåt 1. juni. Singelsleppet markerast med konsert på Landmark i Bergen.

Tilbakelent sommarlykke i støysfæren
Med sfærisk stemme, melodiøse synthlinjer og varm gitarstøy, har Lumikide spelt seg inn i mange norske musikkhjarte dei siste par åra. Intrikate rytmar og støyete gitar kombinert med melodiøse popmelodiar viser ein lovande kvartett i modning, når dei no presenterer første singel frå eit debutalbum det knyt seg stor spenning til.
Lumikide er innom mange inspirasjonskjelder og referansar i sin alternative popmusikk, blant dei kan nevnast Deerhoof, D’Angelo, Tame Impala og Cocteau Twins. Bandet har sidan tittelen Ukas Urørt i 2013 hausta godord frå fleire hald, frå Jørgen Hegstad (P3) som skildrar vokalist Birgitta som “en av de råeste vokalistene i segmentet”, til Jaga Jazzist sin eigen Martin Horntveth om Axel Skalstad: “Norges aller beste trommis om 4-5 år, om han allerede ikke er det”.

Singelsleppet markerast med konsert arrangert av Granbar på Landmark i Bergen, der to andre lovande bergensnamn også er med og feirar singelen; Marinius og Niilas.

Facebook-event

 

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , , , , | Skriv en kommentar

Klangkollektivet søkjer bookingagent

Ledig plass i kollektivet! Er du musikkinteressert og har ønske om å jobba med dei mest spanande lovande artistane frå Bergen – med byens mest dedikerte musikkollektiv? Kombinert med struktur, seljareigenskapar og ein vilje til å fordjupa seg i bransjen er du personen me leiter etter.

Klangkollektivet_Klangkollektivet_studio_Bergen_Kjøtt_Foto_Kristoffer_Øen_stilling_leding

Oppgåver som bookingagent:

  • Leggja strategi for booking saman med artist
  • Knyte og opprettholda kontakt med arrangørar og spelestader
  • Delta på bransjetreff i inn- og utland
  • Skaffa spelejobbar og forhandla avtalar
  • Organisera turnéar og enkeltkonsertar på vegne av band, her under reise og produksjon
  • Kontraktsskriving og fakturering
  • Budsjett og rekneskapsarbeid
  • Søknadsskriving og rapportar
  • Samarbeida med resten i Klangkollektivet om artistutvikling, PR, utgivingar etc.

Eigenskapar me ser etter hjå deg:

  • Innsikt/ erfaring frå musikkbransjen, gjerne frå arrangørsida
  • Eit ynskje om å utvikla deg i ein bransje i hyppig utvikling
  • Øyre for ny musikk og ein ivrig konsertgjengar
  • Lyst til å få god musikk ut til folket!

Løn etter avtale.
Søknad og CV sendast før 9. mai til booking@klangkollektivet.no. Nøl ikkje med å ta kontakt for spørsmål eller interesse.

 

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , , | Skriv en kommentar

De Underjordiske – Norgesturné april 2016

Etter å ha spelt Danmark opp og ned, kjem de danske drenge endeleg på ein liten norgesturné. 4 byar får besøk like etter påske – finn datoar og spelestader her!

De Underjordiske Les videre

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , , , , , , , , , , | Skriv en kommentar

De Underjordiske – album ute no!

DeUnderjordiske Ind I Flammerne Klangkollektivet cover: Ditte Løfgren Hagelskær

De Underjordiske «Ind I Flammerne» ute no!

Fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av ein av Danmarks mest karakteristiske vokalistar har gitt De Underjordiske ein pangstart i heimlandet. Albumet ligg for tida på 2.plass på dansk vinyltopp – berre slått av Bowie. Etter å ha sett dei på Roskilde saman med 6000 andre i sommar, var det klart; dette måtte Noreg få oppleva.

Les videre

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , , , , , , , , , , | Skriv en kommentar

De Underjordiske – singel og norgesturné

Under Skyggernes Kniv De Underjordiske cover: Mathias Riis

Singel i dag, album i mars og turné i april!

Deira heilt eiga tolking av psykedelisk rock – fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av vokalist Peter Kure sin karakteristiske vokal – har sendt De Underjordiske med rakettfart opp på den danske musikkhimmelen. No er første singel ute, og me har ei rekkje konsertar å by på i april!

Les videre

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , , , , , , , , , , | Skriv en kommentar

De Underjordiske «Ind I Flammerne» 11. mars

DeUnderjordiske i Cisternerne. Foto Jacob Hansen. Klangkollektivet

Vår første utanlandske utgiving!

Etter opptreden for 5000 Roskilde-publikummarar i sommar, har danske De Underjordiske vore på alles lepper i vårt naboland det siste halve året. Fengande rock’n’roll med element frå 60-talets psykedeliske rock og 80-talets gitarpop, toppa av vokalist Peter Kure sin karakteristiske vokal, har tatt Danmark med storm. I mars lanserer me deira debutalbum «Ind I Flammerne» på vinyl og digitalt i Noreg. Les videre

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , | Skriv en kommentar

Årets Klanggåve!

Årets Klanggåve_oransj_Design: Johanne Karlsrud

Herleg kombinasjon til den kaffidrikkande musikkelskaren! Me har satt saman eit solid pakketilbod til jul: Ekkolodd sin kritikarroste «Javel, Ravel?» (som har allereie har endt i norskpensum på ungdomskulen!), årets Vinylkaffi og Klangkoppen. Klangpakken kostar 349,- og du finn den på Robotbutikken – eller i krambua på Maksimal Klangkveld! Les videre

Publisert i Nyheiter | Merket med , , , , , , | Skriv en kommentar